Det samlast enorme mengder med plast frå havet. Biletet er eit illustrasjonsfoto av plastsøppel funnet i Stillehavet: National Oceanic and Atmospheric Administration (NOAA)/Kristen Kelly.
Det samlast enorme mengder med plast frå havet. Biletet er eit illustrasjonsfoto av plastsøppel funnet i Stillehavet: National Oceanic and Atmospheric Administration (NOAA)/Kristen Kelly.

Plast i havet er eit internasjonalt miljøproblem

Vi veit det er mykje plast i havet, men vi veit ikkje nok om korleis han oppfører seg og påverkar økosystema. Det blir forska på dette både i Noreg og i utlandet.

Ei undersøking frå Austersjøen ga eit overraskande resultat. Ho viste at på 25 år hadde ikkje mengda mikroplast større enn 150 µm (mikromillimeter) stige korkje i fisken (sild og brisling), eller i vatnet.

Meir om saka på forskning.no: Like mye mikroplast i fisk for 25 år siden  

– Vi var forundra over at nivået av plast var konstant. Når vi veit at det hamnar stadig meir plast i havet, er dette ein rekneskap som ikkje går opp. Nå vil vi studere kvifor det er slik, så vi betre kan forstå dette, seier Torkel Gissel Nielsen, professor ved Danmarks Tekniske Universitet.

Han vil mellom anna forske på om resultatet frå undersøkinga skuldast at plasten i Austersjøen blir ført bort med havstraumar, om biologiske eller kjemiske prosessar bryt plasten ned, eller om mikroplasten samlar seg opp på havbotnen. Det siste er ikkje usannsynleg.

– Vi veit at fisken stig opp til havoverflata for å beite om natta, mens han trekkjer ned til djupare vatn om dagen. Da kan plastbitar fylgje med ekskrementa, seier Nielsen.

Plast i Norskehavet

Ei undersøking frå Mareano syner at det er mikroplast i sedimenta i norske havområde. Resultatet viser mest mikroplast i Norskehavet og ein fjord i same området, mens det er mindre i Varangerfjorden.

Miljødirektoratet arbeider med å kartleggje mengda mikroplast i blåskjel frå 13 stasjonar langs kysten av Noreg, og ved ulike stasjonar på botnen av Oslofjorden og i Bergen byhamn. I tillegg blir det gjort undersøkingar av mikroplast i marine sediment nær oljefelta på norsk sokkel. Resultata frå desse undersøkingane blir publiserte i desember og i januar. For å kunne sjå om mengda mikroplast i norske havområde aukar over tid, blir det vurdert å ta kjerneprøver frå havbotnen.

– Vi er kjende med at forskarar har gjort ein studie av sedimentkjernar frå Framstredet som dokumenterer meir enn 50 prosent auke av mikroplast frå 2002 til 2011, seier Camilla Fossum Pettersen, seniorrådgjevar i Miljødirektoratet.

Meir mikroplast jo mindre bitane er

Plast brytast ned i stadig mindre bitar. Det inneber at talet på plastbitar aukar kraftig jo mindre dei er. Ifylgje Tanja Kögel, forskar ved avdeling for trygg og sunn sjømat hos NIFES (Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking), er det få undersøkingar som kartlegg mikroplast som er mindre enn 150 µm.

 

Mikroskopiske plastpartiklar ender òg opp i næringskjeden. Foto: Matthew Cole/Akvaplan-Niva.

Mikroskopiske plastpartiklar ender òg opp i næringskjeden. Foto: Matthew Cole/Akvaplan-Niva.

– Forsøk med dyr viser at partiklar under 20 µm har størst fysiologisk effekt, da dei kan trenge gjennom blod- og lymfekarvegger, seier ho.

 

Jo mindre plastbitane er, jo større påverknad kan dei ha. Nanoplast (plastbitar mindre enn 1 µm) kan trengje inn i cellene i kroppen. NIFES skal nå kjøpe inn utstyr som kan oppdage stadig mindre plastbitar i fisk og skaldyr.

– Vi har fått ut anbod på mikroskop som kan undersøkje plastbitar ned til 10 µm. Vi held på med eit anbod for enda eit instrument som kan undersøkje totalmengda plast, inklusive mindre partiklar, seier Kögel.

Meir plast i havet andre stader

Etter funnet av den daude gåsenebbkvalen på kysten av Vestlandet, blei det stor merksemd rundt plastforsøpling i havet. Mange frivillige var med på å rydde strendene. Men sjølv om det verker som det er mykje plast i norske farvatn, er problemet mykje større andre stader.

Eig undersøking frå 2017 konkluderer med at ti elver står for størsteparten av plasten som vert bringa til havet frå elver. Åtte av dei ligg i Asia. Les meir om studien her:

Export of Plastic Debris by Rivers into the Sea

For å bøte på dette, har regjeringa løyva 150 millionar kroner frå bistandsbudsjettet i 2018 til å motverke plastforureining i havet i utviklingsland. Programmet er under utforming, så Utanriksdepartementet (UD) har ikkje konkludert korleis pengane skal brukast.

– Det er aktuelt å arbeide opp mot viktige kildeland for plastforsøpling i Søraust-Asia som Indonesia, men kanskje også andre, seier Bjørnar Dahl Hotvedt, fagdirektør ved havteamet i avdeling for økonomi og utvikling i UD.

I staden for å rydde plast som allereie har hamna i havet, skal innsatsen i fyrste rekkje settes inn der effekten er størst. Altså på land. UD kan for eksempel hjelpe myndigheitene med å få på plass effektive søppelhandteringsrutinar og betre avfallsystem på land, slik at mengda plast som hamnar i elva og deretter ender opp i havet, blir mindre.

Forskingsfartøyet «Doktor Fridtjof Nansen» som blei satt i drift i 2017, og skal drive havforsking i utviklingsland i åra framover, har fått betre moglegheiter til å måle forureining, inkludert mikroplast.

Som karta under viser så er utfordringane enorme, spesielt i havområda rundt Østkinahavet, Sørkinahavet og ut i Stillehavet.

 

Grafikken er sett saman av The Wall Street Journal, og viser der dei største mengdene av plastsøppel endar opp i havet.

Som vi har omtalt tidlegare viser rapporten «Plastics in the Marine Environment» frå Eunomia, at det hamnar 12,2 millionar tonn plast i havet kvart år på verdsbasis. Ifølge rapporten er det på verdsbasis:

  • 2000 kg plast per km2 langs kystlina.
  • 70 kg kg plast per km2 på havbotnen.
  • 18 kg i gyroen i havoverflata i det nordlege Stillehavet.
  • < 1 kg plast per km2 i havoverflata i snitt