NIVA skal sjå på avrenninga frå mikroplast frå vegene. Her ryddar dei tilsette opp plast i strandkanten. Foto: David Pettersen Eidsvoll/NIVA.
NIVA skal sjå på avrenninga frå mikroplast frå vegene. Her ryddar dei tilsette opp plast i strandkanten. Foto: David Pettersen Eidsvoll/NIVA.

Tiltak mot marint plastsøppel

– Det breie frivillige engasjementet for å rydde og førebygge forsøpling er viktig, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen.

Kvalen som blei funnen med meir enn 30 plastposar i magesekken vekte engasjement hos folk både i Noreg og utlandet. Det er mykje plast i havet. Studiar syner at det berre på botnen av Barentshavet er meir enn 100 millionar plastbetar, med ei samla vekt rekna til 79 000 tonn. Sjå video nedst i saka.

 

Plastsøppel fotografert og filma på havbunnen. Foto: Mareano.

Plastsøppel fotografert og filma på havbunnen. Foto: Mareano.

For å redusere mengda av plast som hamnar i havet, ynskjer Regjeringa å støtte opp under den frivillige innsatsen for å rydde plastsøppel i strandsona. Tilskotsordninga til opprydding i strandsona og til førebygging av marin forsøpling, er auka til 60 millionar kroner. Mange kan søkje om middel til oppryddingstiltak.

Dei som fekk tilskot i år finn du her.

– Opprydding i strandsona er viktig ikkje minst fordi det hindrar at plasten blir broten ned til mikroplast, seier Helgesen.

Fleire tiltak undervegs

 

Klima- og miljøminister Vidar Helgesen. Foto: Hold Norge Rent.

Klima- og miljøminister Vidar Helgesen. Foto: Hold Norge Rent.

For å hindre at meir plast hamnar i havet, har Klima- og miljødepartementet gitt Miljødirektoratet i oppdrag å følgje opp tiltaksvurderingane mot marin forsøpling og mikroplast. Tiltaka er:

 

Produsentansvarsordning for fiskeri- og oppdrettsnæringa:

– Vi har bestilt ei utgreiing som skal kartleggje produsentar, utstyr og problematikk rundt utrangert utstyr til oppdrettsnæring og fritids- og næringsfiske. Utgreiinga, som skal vere ferdig 1. desember skal også vurdere framtidig utstyr i fiskeri og oppdrett. Deretter lager vi eit forslag til ein produsentansvarsordning til departementet. Fristen for forslaget er hausten 2018, seier Beate Langset, seniorrådgjevar i Miljødirektoratet.

System for vederlagsfri levering av marint avfall i hamn:

På oppdrag frå Miljødirektoratet kartlegg SALT Lofoten struktur og avfallsmengder når det gjelder marin forsøpling. Eit nytt system for vederlagsfri levering av marint avfall vil mellom anna byggje på erfaringane til den toårige prøveordninga «Fishing for Litter».

– Vi arbeider med dette nå. Kartlegginga skal vere ferdig til 1. desember, seier Hilde Rødås Johnsen frå SALT Lofoten.

Tiltak mot utslipp av såkalla biofilmberarar frå avløpsreinseanlegg:

Biofilmberarar er små plastsylinder som tilsettes reinseanlegg for å gi større grobotn for mikroorganismane som reinskar avløpsvatn.

– På strandryddedagar blir det ofte funnet biofilmberarar. Derfor har vi bedt fylkesmennene fylgje opp avløpsreinseanlegga for beredskapen dei har ved eventuelle lekkasjar. Vi har foreløpig ikkje fått nokon tilbakemelding på det, seier Thomas Hartnik, seksjonsleiar i Miljødirektoratet.

Virkemiddel for auka vegvasking, og reinseløysingar for mikroplast i overvatn frå veger:

– Vi har bedt NIVA om å ei utgreiing for moglege reinseløysingar slik at vi kan sjå kva som kan redusere avrenninga frå mikroplast frå vegene, kva for reinseløysingar som finst, og kva man kan gjere, seier Hartnik.

Når rapporten er ferdig til hausten, skal Miljødirektoratet følgje funna opp saman med Vegdirektoratet.

Tiltak for å redusere spreiing av gummigranulat frå kunstgrasbaner:

Det skal vurderast om meir miljøvenlege alternativ kan erstatte gummigranulat som fyllmasse i kunstgrasbaner. Dagens praksis for drift og vedlikehald av eksisterande baner, snømoking, lagring av granulat og etablering av nye baner, gåes gjennom som grunnlag for ein mogleg forskriftsregulering av oppretting og drift av kunstgrasbaner.

– Vi samarbeider og har dialog med Noregs fotballforbund (NFF) om dette oppdraget, seier Hilde Valved, seniorrådgjevar hos Miljødirektoratet.

Som del av kartlegginga er det sendt ut ei spørjeundersøking til driftsansvarlege på kunstgrasbaner i Noreg.

Forskrift om forureining frå småbåthamner:

Miljødirektoratet har bedt COWI om å skrive ein rapport for å beskrive forureininga i småbåthamner og korleis ein best kan unngå dette.

– Basert på rapporten skal vi utarbeide eit forslag til forskrift for drift av småbåthamner som vi sender til departementet, seier Hartnik.

Etablerer oljeverns- og miljøsenter

Med midlar over statsbudsjettet etablerast det no eit nasjonalt kompetansesenter som skal arbeida med oljevern og marin plastforsøpling. Senteret vert lokalisert med delt løysing mellom Svolvær i Vågan kommune og Fiskebøl i Hadsel kommune.

- Ein god beredskap mot oljeforureining og handtering av marin plastforsøpling er heilt sentralt for ivaretakelsen av ressursane i havet, sa samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i mai.

I denne pressemeldinga frå departementet heiter det at senteret må ta ut potensialet knytet til kunnskapsgrunnlaget til felle og nettverk mellom marin plastforsøpling og oljevern, og dessutan gjenbruk av løysingar og overføringsverdi/spleiselag mellom dei to temaa der dette er føremålstenleg.

Clean Nordic Oceans

Nordisk ministerråd etablerte det treårige prosjektet Clean Nordic Oceans i 2017, der Noreg har hovudansvaret saman med Sverige og Danmark.

– Dette skal være ein arena for utveksling av kunnskap. I staden for at vi jobbar kvar for oss med å redusere tapet av fiskereiskap, spøkelsesfiske og gjenvinning, kan vi lære av kvarandre, seier Gjermund Langedal, seniorrådgjevar i Fiskeridirektoratet.

Eit døme på tiltak som kan eksporterast til andre land, er Fiskeridirektoratets nye fritidsfiskeapp. Den som mister fiskereiskap, kan leggje det inn som tapt reiskap. Samtidig kan dykkjerklubbar og andre gå inn og sjå kvar dei kan leite etter slik fiskereiskap. 

– Det blir som å spele Pokémon Go. Det å ta opp tapt fiskereiskap blir en leik. Dei ulike tiltaka vil etter kvart bli lagt ut på nettsida slik at andre kan plukke dei opp, seier Langedal.

Vaskeball mot mikroplast

Det er få innretningar på marknaden for å redusere utsleppa av mikroplast frå klede. På Svalbard blir den vesle «vaskeballen» Cora Ball testa ut for å sjå om han fangar opp mikroplast slik at det ikkje går ut i avløpet saman med vaskevatnet. Den har mange små greiner med små taggar for å fanga opp mikrofiber og skal nyttast når ein vaskar klede av syntetisk stoff.

– Vi starta prosjektet 18. september og skal nå ta prøver frå avløpsvatnet frå Longyearbyen. Vi veit ikkje om vaskeballen funger, men sidan det er svært få slike innretningar vil vi testa han ut for å sjå om han fangar opp mikroplast, seier Jan Sundet, seniorforskar ved Havforskingsinstituttet.

Prosjektet går ut mars 2018, men Sundet håper dei kan teste dette i ein lengre periode.