Mest plast på havbotnen

Illustrasjonsfoto: Flickr Creative Commons.
Illustrasjonsfoto: Flickr Creative Commons.

Det viktigaste tiltaket for å redusere marin plastforureining, er å hindre at ny plast hamnar i havet.

Det er vanskelig å vite kor mykje plast det er i havet. I havoverflata har plast samla seg i fem store gyroar: To i Stillehavet, to i Atlanterhavet og ein i Det indiske hav. Til tross for det, antyder berekningar på verdsbasis, at berre 1 prosent av plasten flyt i overflata. Fem prosent har samla seg langs kystlina, mens 94 prosent ligg på havbotnen. 

Mykje frå fiskeria

Gjennom Mareano-prosjektet, har Havforskningsinstituttet kartlagt den norske havbotnen. Dei har observert søppel på 28 prosent av dei 1626 kartlagde stasjonane. Observasjonane deira indikerer at snittmengda med søppel er 200 kg per km2. Lokalt langs kysten kan dette stige til nærare 7 tonn per km2. Spesielt kysten vest av Ålesund peiker seg negativt ut. Det meste av søppelet kan sporast tilbake til fiskeria, inkludert tapte fiskereiskap. Søppelet samlar seg i botnen av undersjøiske dalar.

– Vi har ikkje gjort undersøkingar sør for Møre, så det kan godt vere det er like ille, eller enda verre, lenger sør, seier Bjørn Einar Grøsvik, seniorforskar ved Havforskningsinstituttet.

Eit tiltak for å redusere søppelmengda i havet, er prøveprosjektet «Fishing for litter».

Fiskebåtar som deltar i prosjektet, får store sekker der dei samlar opp marint avfall som tas under normalt fiske med trål eller annan reiskap. Foreløpig er hamnene i Tromsø, Ålesund og Egersund med i prosjektet.

– I dag må fiskarar betale for å levere avfallet til handtering på land. Det er eit dårleg incentiv. Vi vil at vederlagsfri levering av oppfiska avfall i hamn, skal kunne bli ei permanent ordning, seier Hannah Hildonen, seniorrådgjevar ved Miljødirektoratet.

Meir kostnadseffektivt å rydde langs kysten enn i havet

Det er vanskeleg å rydde havet for plasten som allereie er der. Ikkje minst plasten som ligg på havbotnen. Det finst prosjekt som ynskjer å samle opp plast som flyt i overflata, mellom anna Ocean Cleanup og Seabin project.

 

Foto: Plastic Change.

Foto: Plastic Change.

– Eg kjenner Ocean Cleanup berre av omtale, men veit at Miljødirektoratet har gitt støtte til lokale prosjekt med Seabin. Sjølv om relativt lite av plasten flyt i overflata, er det positivt med kreative prosjekt som sett fokus på problemet. Det er tross alt ikkje småtteri som flyt i overflata heller, og det er denne plasten som fuglar og kval et, seier Hildonen.

 

Sjølv om berre fem prosent av plasten ligg langs kystlina, er det her konsentrasjonen av plast er størst. Denne plasten utsettes for store påkjenningar frå sol, bølgjer og mekanisk slitasje når den slås mot land og kan lett ende opp som mikroplast. Dei frivilliges innsats for å rydde kysten, er derfor til god hjelp.

– Plast som ryddes på strendene, blir ikkje til mikroplast, slår Hildonen fast.

En ny rapport fra det britiske konsulentselskapet Eunomia bekrefter at strandrydding er et effektivt tiltak i kampen mot marin forsøpling, skriver også Hold Norge Rent på sine nettsider.

 

 

Best å hindre utslepp

Det beste tiltaket mot forsøpling av havet, er å hindre at ny plast hamner der. Hildonen poengterer at fleire land må få på plass gode system for handtering av avfall slik at plasten deira ikkje ender i havet.

I Noreg er utsleppa av mikroplast på rundt 8000 tonn per år.

Bildekk og maling er dei største kjeldene. Det er ikkje tal for kor mykje plast samla sett, som hamnar i havet frå Noreg.

 

Fakta:

Ifylgje rapporten «Plastics in the Marine Environment» frå Eunomia, hamnar på verdsbasis:

- 12.2 millionar tonn plast i havet kvart år.

- 0.95 millionar tonn primær mikroplast i havet kvart år.

Ifølge rapporten er det på verdsbasis:

- 2000 kg plast per km2 langs kystlina.

- 70 kg kg plast per km2 på havbotnen.

- 18 kg i gyroen i havoverflata i det nordlege Stillehavet.

- < 1 kg plast per km2 i havoverflata i snitt.

 

– Vi har ingen berekningar på det, sidan vi ikkje har statistikk over avfall på ville vegar, seier Hildonen.

Eit eksempel på plast på ville vegar, er q-tipsa som dei frivillige plukker opp langs strendene. Dei kjem med kloakken. Sjølv om folk får vite at berre «nummer ein» og «nummer to» skal i toalettet, blir mykje anna spylt ned i klosettskålen.

– Det største problemet er filler, eingongsklutar og våtserviettar. Dei går ikkje i stykker, og heng seg opp i utstyret. Q-tips er velkjent i vår bransje. Vi bereknar at cirka 90 prosent blir fanga opp i renseanlegget, men det kan bli mange q-tips viss ti prosent går gjennom, seier Leif Ydstebø, sjefsingeniør ved Sentralrenseanlegget for Nord-Jæren.

Renseanlegget har ein grov rist som siler ut partikler større enn ein centimeter. Når q-tips kjem på tvers, blir den fanga av rista. Men når den treffer rett på som ein pil, kan q-tipset gå gjennom hòlet og bli ført ut i havet saman med kloakkvatnet.

– Det finst ikkje tal for slike utslepp, men vi fjerner cirka 500 kg frå renseanlegget kvart døgn. Dersom vi fjerner cirka 80-90 prosent, går kanskje 100 kg søppel ut i havet kvart døgn. Deriblant q-tips, seier Ydstebø.

IVAR (Interkommunalt vann- avløp og renovasjon) driv reinseanlegget for dei 300 000 som sokner til Nord-Jæren. Med humoristiske reklamekampanjar har dei forsøkt å få folk til å slutte å kaste ting i do.

– Det kan godt være at kampanjane har gitt litt nedgang, men vi har strengt tatt ikkje merka nokon forskjell på problemet, seier Ydstebø.

Fleire framtidige tiltak

Klima- og miljødepartementet har bedt Miljødirektoratet om å utarbeide tiltak mot marin forsøpling og spreiing av mikroplast.

Miljødirektoratets forslag går mellom anna på ein mogleg utfasing av gummigranulat på kunstgrasbaner, miljøvennleg vedlikehald av båtar, og støtteordning for veivaskeutstyr.

Noreg samarbeider internasjonalt gjennom OSPAR for å ta vare på miljøet i Nordaust-Atlanteren.

Miljødirektoratet sine forslag til tiltak for å redusere mikroplastutslepp frå landbaserte kjelder:

  • Stimulere til val av metodar for veivasking i tettbygde område som både bidrar til betre luftkvalitet og mindre spreiing av mikroplast. 
  • Undersøke moglegheiter for å reinse bort mikroplast i avrenning frå de mest trafikkerte veiene på ein kostnadseffektiv måte
  • Undersøke miljøvennlige alternativ til gummigranulat på kunstgrasbaner, dersom det ikkje finst andre løysingar:
    • Vurdere returordning for gummigranulat
    • Vurdere å stille krav til drift av kunstgrasbaner i egen forskrift
  • Stille krav til utslipp av mikroplast og miljøgifter frå småbåthamner i eiga forskrift
  • Prøveprosjekt på «båtvaskeri» i småbåthamner for å redusere bruk av botnstoff på fritidsbåtar
  • Undersøke kor mye mikroplast som finnes i avløpsslam som brukast som gjødsel, og korleis dette eventuelt påverkar jordmiljøet
  • Følgje opp petroleumsindustrien for vidare kunnskapsinnhenting om mulige mikroplastutslipp
  • Ein mogleg eigen kommunal tilskotsordning for tiltak mot mikroplast og marin forsøpling 
  • Undersøkje moglegheita for å reinse bort mikrofiber frå utløpsvatnet frå vaskemaskiner
  • Følgje opp plastindustrien for å stoppe utslipp av plastpellets 
  • Samle kunnskapsmiljøet på mikroplast for å kartleggja kunnskapsbehova