Plast truer livet i havet

Forskare fra UiB og Universitetsmuseet fann mengder med plast i magen til det syke dyret. Foto: Terje Lislevand/Universitetsmuseet i Bergen.
Forskare fra UiB og Universitetsmuseet fann mengder med plast i magen til det syke dyret. Foto: Terje Lislevand/Universitetsmuseet i Bergen.

Gåsenebbkvalen som vart funnen utanfor Sotra med magen full av plast, opna mange auge for problemet med plast i havet.

Sjølv om gåsenebbkvalen døydde av svolt fordi magen var full av plast, har ikkje det vore sett på som eit stort problem for kvalar før.

– Vi har gått gjennom mange mageprøvar frå vågekvalar, men aldri sett plast. Det kan vere fordi bardekvalar og tannkvalar et på ulikt vis. Bardekvalar beiter på stimar av fisk og krepsdyr, mens tannkvalane et eit og eit større byttedyr, seier Tore Haug, leiar av forskingsgruppe sjøpattedyr ved Havforskingsinstituttet.

Døyr av ulike årsaker

Det er vanskeleg å vite sikkert kor stort problem plast er for kvalar, sidan dei fleste døyr ute til havs. Kvalane søkk vanlegvis til botn og blir aldri oppdaga. Det gjeld spesielt bardekvalar, sidan dei fleste av desse artane er tyngre enn vatn.

 

I magesekken til Gåsenebbkvalen fann forskarane fra Universitetet i Bergen 30 plastposar og store mengder småplast. Foto: Christoph Noever/UiB.

I magesekken til Gåsenebbkvalen fann forskarane fra Universitetet i Bergen 30 plastposar og store mengder småplast. Foto: Christoph Noever/UiB.

Sidan 1990 har det gjennom Cetacean Strandings Investigation Programme (CSIP), blitt undersøkt kvifor kvalane som rek i land langs kysten av Skottland, Wales og England, har døydd. Det er i hovudsak niser og ulike artar delfiner som blir funne langs dei britiske kystane. Den viktigaste årsaka til at dyra har døydd, er sjukdom, svolt eller at dei døyr som bifangst i fiskereiskap. Mange niser døyr også som fylgje av angrep frå tumlarar (delfiner). Det går ikkje fram av statistikken til CSIP om svolten skuldast plast i magen.

 

I andre land har ein funne stranda spermasettkvalar med mykje plast i magane.

Det finnest ikkje nokon norsk oversikt for kvalar som har stranda langs vår kyst. Med unntak av vågekvalen, er det heller ikkje gjort undersøkingar på mageinnhaldet i norske kvalar. For tida blir det forska på mageprøvar til niser tatt i bifangst, men dei resultata er ikkje klare enno.

Plast er eit aukande problem

Geir Wing Gabrielsen, seniorforskar og seksjonsleiar for avdelinga for miljøgifter ved Norsk Polarinstitutt, har jobba med Svalbard i 35 år. Han ser at mengda plast både langs strendene og i magane på havhestar, har auka.

– På slutten av 1970-talet fann vi plast i magane til 4 av 40 havhestar. I 2013 var dette snudd om. Då var det berre 4 av 40 havhestar som ikkje hadde plast i magen, seier han.

 

Kval:

Det finnest om lag 20 artar kval i norske farvatn, medrekna sjeldne gjester. Dei vanlegaste artane er vågekval, nise, og dei to delfinartane kvitnos og kvitskjeving. Spekkhoggar er ikkje talrik, men eit markant innslag. Knølkval og finnkval er relativt vanlege i deler av året, mens spermasettkvalen er talrik på deler av norskekysten.

Meir om kval her.

Sjøens pattedyr (pdf)

Størrelsen på kvalbestandane 

Talet på vågekval i Barentshavet-Svalbard-Norskehavet er berekna til:

64 730  (1989)
112 125 (1995)
80 487 (1996-2001)
81 401 (2002-2007)
89 623  (2008-2013)

I 2000 var talet på kval i Barentshavet-Svalbard-Norskehavet berekna til:

Finnkval          4 100
Knølkval         1 000
Spermkval       5 400

Talet på desse artane har hatt ein aukande tendens etter 2000, men tala er usikre. 

Omtrentlege tal for:

Spekkhoggar   Om lag 5 000 i Norskehavet-Barentshavet
Springarar (kvitnos og kvitskjeving) 65 000 i Barentshavet

Talet på niser på 1990-talet i Barentshavet, var berekna til 11 000 individ.

I løpet av sommaren 2017 kjem det nye berekningar på talet på niser langs kysten frå sør for Lofoten og Nordsjøen.

(Tal frå Havforskingsinstituttet)

 

Plasten som endar i havet, føres med havstraumane. Derfor er ikkje Gabrielsen overraska over at det er så mykje plast i havområda i nord. Plasten kjem med Atlanterhavsstraumen. I Framstredet mellom Grønland og Island er det funne like mykje plast på havbotnen som i djuphavet utanfor Lisboa. Det er også funne mikroplast i havisen.

I dag er mykje av plasten som flyt i havoverflata samla i fem store strømvirvlar; to i den sørlige og nordlige enden av Atlanterhavet og Stillehavet, og ein i Det indiske hav. Ifølge Gabrielsen er det mogleg at ein tilsvarande straumvirvel med plast kan dannast i Barentshavet om 30-40 år dersom plastforureininga fortset å auke, sidan forholda her er slik at ein straumvirvel kan dannast.

– Det er uheldig dersom det blir så mykje plast i havet, at det verkar negativt på fiskeria våre, seier Gabrielsen.

Utilstrekkelege målemetodar

Etter at plasten har enda i havet, blir den over tid broten opp i mindre og mindre bitar. Mikroplast, bitar mindre enn 5 mm i størrelse, blir spist av dyr som havhestar. Nanoplast, plastbitar som er mindre enn 1 mikromillimeter (µm) i størrelse er så små at dei kan etast av dyreplankton. Dermed kan dei enda opp i næringskjeda.

Sjølv om bitane av mikroplast er små, er dei for store til å gå over i fiskekjøttet. Det er altså liten sjanse for at du vil sjå mikroplast i fiskefileten du et. Derimot er det vist at det finst mikroplast i sjødyra vi et heile, inkludert med tarmsystemet, som til dømes reker, brisling og sardinar.

– Dette er ikkje kartlagt ennå, seier Tanja Kögel, forskar ved avdeling for trygg og sunn sjømat hos NIFES (Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking).

Det må meir forsking til før det kan dokumenterast korleis plast verker på maten vår. Forskingsprosjektet BASEMAN som Kögel er del av, der 16 laboratorium skal analysere plastmengda i blåskjel, hyse- og laksetarmar, er eit skritt på vegen. Målet er å finne ein felles standard for å analysere nivået av mikroplast i europeiske farvatn.

Kögel er også opptatt av nanoplast.

– Bitar av nanoplast er så små at dei ikkje er synlege utan mikroskop. Ein studie på blåskjel har vist at nanoplast kan tas opp i cellene og blomomløpet. Dette kan være skadeleg for dyret, og har ført til betennelsesreaksjonar i skjellene, seier ho.

Det finst heller ingen forsking som med sikkerheit kan seie at nanoplast tas opp i fisken, så foreløpig veit ein ikkje om fiskefileten på middagsbordet er krydra med usynleg nanoplast eller ei.