Årlig arrangeres det ryddeaksjoner langs kysten vår. Også Kystvakten er med på dugnaden. Foto: Kystvakten.
Årlig arrangeres det ryddeaksjoner langs kysten vår. Også Kystvakten er med på dugnaden. Foto: Kystvakten.

Mykje arbeid å rydde havet

– Min observasjon er at mengda plast langs kysten aukar for kvart år. Vi er alle skyld i dette, og har eit felles ansvar for å rydde opp, seier Åge Landro, administrativ leiar av Bergen og Omland friluftsråd.

Mange blei oppmerksame på dei store mengdene med søppel som forureinar havet og kystlina, etter funnet av gåsenebbkvalen som hadde magen full av plast. Det vekka mange til ekstra innsats. Både privatpersonar, organisasjonar og offentlige etatar, gjer sitt for å samle opp søppel, slik at ein kan redusera mengda plast og anna avfall som trugar livet i havet.

Hvert år kommer det mengder med søppel opp på norske strender. Illustrasjonsfoto: Bo Eide/Hold Norge Rent.

Hvert år kommer det mengder med søppel opp på norske strender. Illustrasjonsfoto: Bo Eide/Hold Norge Rent.

Frivillig innsats

Langs kysten i sør, finn ein plast frå mange kjelder, også hushaldsavfall, sidan det er her det bor mest folk. Det er også her søppelet som følgjer havstraumane frå Europa, først når Noreg. Lenger nord dominerer ulike gjenstandar frå fiskeria som oppdriftsbøyer, bitar av tau, fiskekassar og delar av nøter og garn.

Det er frivillige på dugnad, som plukkar søppelet langs kysten. Eit av mange eksempel finn vi i Hordaland, der Bergen og Omland friluftsråd organiserer opprydding i 17 kommunar langs den ytre kyststripa. Det skjer i samarbeid med lokale avfallsselskap.

– Vi har bestilt inn 30 000 posar som frivillige kan hente og bruke til å plukke opp plast og anna søppel langs kysten. I fjor blei det samla inn 22 tonn plast på denne måten. Det er mange plastposar, seier Landro.

Ikkje gratis å levere

Men sjølv om dei frivillige samlar inn herrelaust søppel langs kysten, er ikkje problemet over. For søppelet må leverast til eit avfallselskap for sikker handsaming. Det har kosta pengar. Sidan avfallselskapa skal vere sjølvfinansierte, må ein betale for å levere søppelet ein har plukka langs stranda på fritida. Slikt kan drepe dei frivillige sin entusiasme.

For å bøte på dette, har Miljødirektoratet løyva 35 millionar til opprydding av marint avfall som mellom anna kan brukast i refusjonsordningar for å ta i mot og handtere søppelet som samlast inn. Organisasjonar og avfallsselskap kan søkje direkte til Miljødirektoratet. Alle, både organisasjonar, avfallsselskap og privatpersonar kan søkje midlar til refusjon av utgifter i forbindelse med transport og handsaming av herrelaust marint avfall, frå Hold Norge Rent (sjå faktaboks).

– I fjor fekk vi inn mange svært gode søknader. Vi håper folk er like ivrige i år. Marin forsøpling gjer stor skade på miljøet, og vi treng all den hjelpa vi kan få til å få bukt med problemet, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Korleis plasten og anna søppel blir tatt i mot, varierer lokalt. I Hordaland har dei posar folk kan levere gratis på gjenvinningsstasjonane

Topp 10 funn Strandryddedagen 2016:

1. Udefinerbare plastbitar    36 749 - 32 %
2. Små tau                            25 887 - 22 %
3. Drikkeflasker                   10 212 - 9 %
4. Isopor                               10 006 - 9 %
5. Store tau                           7 024 - 6 %
6. Pakkeband/strips              5 696 - 5 %
7. Korkar                              5 591 - 5 %
8. Hushaldsflaskar               4 632 - 4 %
9. Bomullspinnar                 4 578 - 4 %
10. Plastposar                      4 572 - 4 %

Prosentvis fordeling av materiale Strandryddedagen 2016:

Plast                77,5 %
Metall             8,5 %
Isopor/eps       7 %
Anna               3,5 %
Glas                1,5 %
Trevirke          1 %
Tekstil             0,75 %
Gummi            0,5 %
Elektronikk     0,5 %
Papir               0,13 %

(Kjelde: Strandrydderapporten 2016 frå Hold Norge Rent).

Her kan frivillige organisasjonar, ideelle stiftingar, private bedrifter og offentlige føretak søke tilskotsordninga til tiltak mot marin forsøpling: «Tilskot til tiltak mot marin forsøpling»

Minimumsbeløpet for søknader er kr. 250 000.

Søknad sendes Miljødirektoratet:

«Refusjonsordning for handtering av herrelaust marint avfall»

Denne refusjonsordninga, som også privatpersonar kan bruke, er forvalta av Hold Norge Rent. Utlysninga for refusjonsordninga kjem på seinhausten. Eit kriterium for å søkje refusjon, er at den frivillige ryddeaksjonen er registert i Hold Norge Rent sin ryddeportal. 

Rundt Stavanger og langs Jæren, er det satt ut konteinarar der folk kan kaste søppelet dei har samla langs strendene.

Strandryddedagen

Den største dugnaden, er Strandryddedagen. Den har vore organisert i regi av Hold Norge Rent sidan 2011. I år blir det ryddedugnad langs heile kysten laurdag 6. mai. Strandryddedagen har vakse for kvart år. I 2016 var det 1363 ryddeaksjonar rundt om i heile landet. I Nord-Noreg blei det rydda heile 507 stader.

– At det var så mange ryddeaksjonar i Nord-Noreg, skuldast nok at mange av dei lokale avfallsselskapa der leiar aksjonane sjølve, seier Malin Jacob, prosjektleiar hos Hold Norge Rent.

869 kilometer strandline blei reinska for 337 tonn avfall (kjelde: Strandrydderapporten 2016 frå Hold Norge Rent). Det meste av dette var plast.

Oppreinsking i havet

Det mest synlege marine søppelet, er det som driv i land langs kysten. Men det er også mykje avfall ute i havet. Ikkje minst tapte fiskereiskap. Sidan 1983 har Fiskeridirektoratet hatt årlege tokt for å leite etter og ta opp, tapte fiskereiskap. Garn og teiner som av ulike årsaker er gått tapt, kan fange fisk og skaldyr i mange år. Slike garn blir ofte kalla «spøkelsesgarn».

Frå 22. august til 25. september 2016 blei det fiska opp nærare 800 garn og 80 kongekrabbeteiner frå 249 stader mellom Stadt og Varangerfjorden. Dei fleste garna vart funne mellom Røst og Vardø. Det var blåkveitegarna som inneheldt mest fisk, hovudsakleg blåkveite og isgalt. Det blei funne 3635 krabbar, der 85 prosent var kongekrabber. Fiskeridirektoratet sine folk fann ikkje sjøfugl i garna, men ein død sel, samt ein kval som hadde sett seg fast i ein trål.

Frå 1983 til og med 2016, har Fiskeridirektoratet tatt opp rundt 19 600 tapte garn.

Noregs Fiskarlag har bedt Fiskeridirektoratet om å legge til rette for ei kartløysing som viser kvar oppreinskinga har vore og resultata derfrå. Det skal leggjast til rette for at dette kan bli klart for presentasjon på kart under kommande tokt hausten 2017.