Minedykkar på bombedesarmeringsoppdrag under øvinga Artic Specialist i Ramsund i 2016. Foto: Olav Standal Tangen/Forsvaret.
Minedykkar på bombedesarmeringsoppdrag under øvinga Artic Specialist i Ramsund i 2016. Foto: Olav Standal Tangen/Forsvaret.

Bomber og miner langs kysten

Det ligg tusenvis av eksplosiv att etter verdskrigane langs kysten og i havet.  Når publikum gjer slike funn, skal dei ikkje røre dei, men straks melde frå til politiet.

Kor mange bomber og miner det er snakk om, er umogleg å seie. Tyskarane åleine la ut fleire hundretusen tonn miner. Mykje blei rydda bort etter 2. verdskrig, men alt blei ikkje funne. Det kan framleis liggje meir enn ti tusen større og mindre eksplosiv i norske farvatn.

– Mengda er ikkje det viktigaste. Det vi veit er at det er store mengder sidan nye funn frå krigen dukkar opp kvart år. Det er flybomber, torpedoar, miner og ulike prosjektilgranatar. Dei fleste stammar frå 2. verdskrig, men det er også nokre frå 1. verdskrig, seier Wiggo Korsvik, orlogskaptein ved Forsvarets operative hovudkvarter i Bodø (FOH).

Mest langs ytre kyst

Eksplosivane kan dukke opp overalt der det var minefelt og aktive krigshandlingar. Det vil i praksis seie heile den ytre kysten, ikkje minst rundt Narvik og i Aust-Finnmark. Det er mindre sjanse for å finne eit eksplosiv i dei indre fjordarmane der det ikkje var krigshandlingar.

 

Granatar fjerna frå Solstrand i Tromsø av Forsvarets EOD-personell. Foto: FFI.

Granatar fjerna frå Solstrand i Tromsø av Forsvarets EOD-personell. Foto: FFI.

Fly landa ikkje med skarp bombelast. Derfor vart ubrukte flybomber slopne ned på bakken før landing utan at tennsatsane var aktiverte. Det er ei årsak til funn av flybomber rundt flyplassar som var operative under krigen, til dømes på jærstrendene ved Sola.

 

Det kan være mykje prosjektil i farvatna rundt kystfort frå øving på skyting. Ammunisjon har også blitt dumpa utanfor fleire kystfort.

Skip som blei senka med ammunisjon i lasta, er ein annan risiko.

Kan eksplodere

Etter så lang tid vil tennmekanismane, som er avhengige av strøm i batteria, normalt ikkje fungere lenger. Men sprengladninga kan verke like bra i dag som da dei var nye. Det betyr at dersom detonatoren står inne, kan bomba eller mina eksplodere ved hard mekanisk påverknad. Eit eksempel er eit anker som treff forkjært.

Mindre prosjektil i sjøen, kan vere farlege dersom dei tas opp på land. Kjemisk påverknad etter lang tid i saltvatn kan føre til krystallisering i eksplosivet. Dei blir følsame for friksjon. Når dei tørker opp på land, kan dei bli ustabile og eksplodere.

Kontakt politiet

Publikum som finn eit eksplosiv, eller fiskarar som får dette i fiskereiskapen, skal straks melde frå til politiet. Markér kvar objektet er, gjerne med gps-posisjon. Ta gjerne eit bilete av funnet slik at det er enklare å beskrive, men under alle omstende skal ein ikkje ta på det.

– Vi vurderer funnstaden, og om objektet kan ligge ei stund eller om det må fjernes med ein gong. I nokre tilfelle er det nødvendig å sperre av området og i ekstreme tilfelle vakte det, seier Lars Blix Olsen, leiar for felles eining for operativ teneste i Finnmark politidistrikt.

Aust-Finnmark er eit av områda der ein finn flest eksplosiv etter krigen, sidan det her var ein front mellom tyske styrker i Finnmark og styrker frå Sovjet-Unionen.

Politiet ynskjer melding om alle funn, slik at dei kan vurdere dei politifagleg, også opp mot tjuveri.

– Vi har fleire titals funn kvart år. Det er færre store funn nå. Det er som regel enkeltgranatar, men også artilleriprosjektil og flybombar, seier Blix Olsen.

Etter at politiet har vurdert funnet, sender dei skriftleg oppmoding om bistand til FOH.

Alt blir destruert

Minedykkarar frå minedykkarkommandoen handterer alle eksplosiv som blir funne under vatn. Funn på landjorda kan også handterast av hæren eller luftforsvaret.

 

Funn under vatn handterer minedykkarkommandoen. Foto: Olav Standal Tangen/Forsvaret.

Funn under vatn handterer minedykkarkommandoen. Foto: Olav Standal Tangen/Forsvaret.

Først vurderer Forsvaret om eksplosivet kan transporterast. Viss det er mogleg, blir det flytta til ein eigna stad for sprenging. Funn på botn av havet, blir slepte til grunt vatn før sprenging for å redusere skader frå trykkbølgjene på livet i havet. Mindre eksplosiv kan bli lagde i ein haug, og sprengast samla.

 

Viss eksplosivet ikkje kan flyttast, bruker Forsvaret spesialteknikkar for å skilje  tennmekanismen frå hovudladninga, før det blir destruert på staden. Inga eksplosiv blir resirkulerte. Alle blir destruerte. Forsvaret har 3-400 slike eksplosivoppdrag kvart år. 30-50 av dei er i sjøen.

– Vi er trente for søk både på land og under vatn. Vår hovudoppgåve er å vere trente til neste krig, men vi støtter politiet så godt det lar seg gjere også i fredstid. Under vatn bruker vi gjerne å leggje ut søksgater med liner, eller vi kan nytte handhalden sonar for å lokalisere miner og liknande. Vi kan også nytte hendene til å føle oss fram nede i mudderbotnen, seier Korsvik som sjølv har jobba som minedykkar.

Kjemiske våpen

Mykje av eksplosiva som blei rydda etter krigen, blei lasta i skip og senka på djupt vatn. Det gjeld ikkje berre konvensjonelle våpen. Tyskarane hadde store lager av kjemiske våpen. Det var nervegassen tabun, og hudgassane sennepsgass, clark 1 og 2 og lewisit. Mellom 130-160.000 tonn kjemiske våpen, som inneheldt 48.000 tonn gass, blei senka på 650 meters djup i Skagerak.

Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) på Kjeller har sammen med Kystverket kartlagt dei senka skipa. Eit område på 17x10 km er markert som fareområde med fiskeforbod. Fleire skip er funne utanfor fareområdet, så det blir diskutert om det skal utvidast.

 

Skagerrak-vraka, her ved vrak nummer 53. Foto: FFI/Kystverket.

Skagerrak-vraka, her ved vrak nummer 53. Foto: FFI/Kystverket.

Skipa fungerer som kunstige rev, og har eit yrande liv. FFI har starta å forske på korleis dei kjemiske våpna påverkar botnlivet.

 

– Vi veit lite om kva som skjer med innhaldet i våpena. Vi har leita etter fysiske defektar i levra til slimål, men fann ikkje nokon forskjell på slimål rundt vraka i forhold til referansane, seier Øyvind Voie, forskingsleiar for avdeling vern og samfunnsikkerheit.

FFI trur ikkje gassen utgjer noko stort problem så lenge den får ligge i fred. Skipa ligg for djupt og for spreidde til at det er praktisk mogleg å kapsle dei inn i sand.