Kartet illustrerer samarbeidsavtala om luftfart og maritim søk og redning i Arktis, i regi av Arktisk råd. Avtala vart signert 12. mai 2011 . Kilde: UD.
Kartet illustrerer samarbeidsavtala om luftfart og maritim søk og redning i Arktis, i regi av Arktisk råd. Avtala vart signert 12. mai 2011 . Kilde: UD.

SAR og beredskap i nordområda

Auka aktivitet på sjøen gjev nye utfordringar for internasjonal redningstjeneste. – Vi har dobbelt så mange hendingar på sjøen nå som for 15 år sidan, seier Bent-Ove Jamtli, avdelingsdirektør ved Hovudredningssentralen (HRS) Nord-Noreg.

Om lag 80 prosent av all skipstrafikk i Arktis er i norske farvatn. Og aktiviteten i Arktis aukar. Når isen trekk seg tilbake og fiskestammane flytter på seg, er det meir fiske lenger nord og aust enn før. Petroleumsaktiviteten aukar og det kjem fleire cruiseskip. Dei fleste hendingane som HRS får melding om, er langs kysten av Nord-Noreg, men med dei store avstandane og det utfordrande vêrtilhøvet, inneberer den auka aktiviteten i arktiske farvatn at det internasjonale samarbeidet blir stadig viktigare.

Varsling om naudsituasjonar

HRS i Nord-Noreg koordinerer søk og redning (SAR) i den norske delen av dei arktiske farvatna og har fullmakt til å nytte alle samfunnets ressursar når det er nødvendig. Når nokon er i havsnaud kan dei nytte fleire måtar for å tilkalle hjelp.

Kystradioen er den viktigaste naudmeldetenesta til havs. HRS ynskjer at alle bruker kystradioen, fordi da kan alle aktørane vere på same frekvens.

Skip over ein viss størrelse kan nytte maritime kommunikasjonssatellittar (INMARSAT) og sende naudmeldingar via Global Maritime Distress Safety System (GMDSS). 

Ein tredje måte å varsle på er ved hjelp av naudpeilesendarane som finnest på alle fartøy. Dei kan aktiviserast enten manuelt eller ved at dei kjem i kontakt med vatn.

Internasjonalt samarbeid for søk og redning

Hovudredningssentralane i Noreg tar ikkje berre i mot varslingar frå naudpeilesendarane til norske skip. Dei tar i mot slike varslingar frå naudpeilesendarane på skip frå alle dei nordiske og baltiske landa, uansett kvar i verda fartøya er. For eksempel vil HRS ta i mot meldinga frå ein naudpeilesendar på eit latvisk fartøy som er i canadisk farvatn. Da er det HRS sitt ansvar å formidle naudmeldinga til den rette etaten i Canada slik at dei kan sette i verk søk- og redningsoperasjon for det latviske fartøyet. I tillegg varslar HRS den latviske redningstenesta slik at dei kan bidra med relevante opplysningar og kontakt med dei pårørande.

– Vi samarbeider mykje med den russiske sjøredningssentralen i Murmansk, Maritime Rescue Coordination Centre (MRCC), seier Jamtli.

HRS samarbeider også mykje med fly- og sjøredningssentralane (JRCC) på Grønland og Island.

Auka risiko for forureining

Det er Kystverket som har hovudansvaret for å forhindre forureining til sjøs.

Fleire land bidreg om det skjer ei hending på havet. Foto: AgustaWestland.– Vi er statleg myndigheit for akutt forureining i norske farvatn. På Svalbard har vi ein samarbeidsavtale med Sysselmannen for ein første respons på forureining. Dersom Sysselmannen meiner hendinga er for stor til å handtere, tek vi over ansvaret også på Svalbard, seier Rune Bergstrøm, seksjonssjef i beredskapsavdelinga i Kystverket.

Den auka aktiviteten i Arktis aukar faren for oljeforureining. Dei åtte landa i Arktisk Råd har gjennom samarbeidsprosjektet Emergency Prevention Preparedness and Response (EPPR) ein avtale der dei forpliktar seg til å hjelpe kvarandre med oljevernberedskap. 

Ikkje minst er Russland ein sentral samarbeidspartnar.

– Vi har felles avtale med Russland slik at vi får hjelp frå Murmansk, både oljevernutstyr, mannskap og båtar, dersom noko skjer i norsk farvatn. På same vis hjelper vi russarane dersom noko skjer i deira farvatn, seier Bergstrøm.

Kystverket øver på oljevernberedskapen med russarane ein gong i året.

Lagring på Svalbard

Dei lange avstandane til Svalbard, båtar bruker 1-2 døgn opp dit frå fastlandet, gjer at det er behov for å lagre utstyr lokalt. Det er eit depot for oljevernustyr i Longyearbyen, men Bergstrøm meiner det er behov for meir.

– Vi må ha meir utstyr på Svalbard. Vi treng også eit beredskapssenter på Svalbard for det er enklare å fly opp folk enn utstyr dersom noko skulle hende, seier han.

Kystvaktfartøya, samt fleire fartøy Kystverket har avtalar med, har oljevernutstyr om bord. Kystverket disponerer eit fly med varmesøkjande/infraraudt kamera som kan oppdage olje på havoverflata. Liv og helse går føre miljø, så flyet kan også nyttast til å søkje etter folk og fartøy i havsnaud.

Losplikt for cruiseskip rundt Svalbard er eit førebyggjande tiltak for å hindre uønska hendingar. Ifylgje Bergstrøm manglar det fullstendige sjøkart for farvatna rundt Svalbard. Han ynskjer også at det blir utvikla oljevernutstyr som fungerer betre i farvatn med is.

Førebyggje hendingar

Søk og redning er ein viktig del av regjeringa si nordområdesatsing

Her peiker dei både på samarbeidet i Arktisk Råd, og med FN sin sjøfartsorganisasjon, International Maritime Organization (IMO), som viktige for å førebyggje ulykker. Mellom anna har Sjøfartsdirektoratet leia arbeidet i IMO med å etablere eit globalt bindande regelverk for operasjon av skip i polare farvatn (Polarkoden).

Les meir om dei nye reglene for skipsfart i polare farvatn.

Barents Ship Reporting System (Barents SRS) er eit skipsrapporteringssystem etablert av Noreg og Russland. Det gir oversikt over kva for fartøy, med kva for ein last, som er i farvatna. Fartøy over 5000 bruttotonn, tankskip, fartøy med farleg eller forureinande last, samt nokre andre fartøy, pliktar å gi rapport gjennom Barents SRS før dei segler inn i området mellom Lofoten og grenselina mellom Noreg og Russland. Barents SRS blir operert av trafikksentralane. 

Overvaking frå sjøtrafikksentralane og etablering av seglingsleider og innføring av AIS-overvaking (automatisk identifikasjonssystem), er også med på å førebyggje ulykker.

Fakta: 

Maritimt forum nord sitt prosjekt Search And Rescue In The High North – SARINOR.

Cruiseindustrien, ved The Association of Arctic Expedition Cruise Operators, har med støtte frå HSR Nord-Noreg og Kystvakta på Island etablert samarbeid om søk og redning.

The Arctic Coast Guard Forum er etablert mellom kystvaktene i de åtte statane i Arktisk Råd. Dei samarbeider om søk og redning, miljøspørsmål og oljevern i arktiske strøk.