Einsamt strandliv ved Otervika på Andøya.
Einsamt strandliv ved Otervika på Andøya.

Finnast den urørte kysten?

Noreg har ei av dei lengste kystlinjene i verda. Sjølv om kystnaturen ikkje kan seiast å vere inngrepsfri, byr den på gode moglegheiter for variert friluftsliv.

Med våre 100.915 km er det berre Canada som har lengre kyst enn Noreg. Vår kystlinje er lenger enn for land som USA, Kina og Brasil, og det er fordi fjordane våre skjærer seg innover landet, og kystlinja er overstrødd med utallige større og mindre øyer.

Fjordane er minst påverka av menneske

De 1000 øyers land på Helgelandskysten er eit område med gode friluftsmoglegheiter. Her er mange spor etter tidligare busettingar. Foto: Olav Haugen/Sjødivisjonen i Kartverket.

De 1000 øyers land på Helgelandskysten er eit område med gode friluftsmoglegheiter. Her er mange spor etter tidligare busettingar. Foto: Olav Haugen/Sjødivisjonen i Kartverket.

Med så lang kystlinje skulle ein tru at dei 5,2 millionar innbyggjarane i Noreg hadde mykje inngrepsfri natur å bolte seg på. Slik er det ikkje. Frå gamalt av busette folk seg langs kysten. Dei ville vere i nærleiken av fiskefelta til havs. Kvar minste tilgjengelege jordflekk blei tatt i bruk. Den delen av kysten som ikkje vart nytta, var enten for utilgjengeleg eller utan nytteverdi.


I dag er mange av dei ytre øyane fråflytta. Der det ein gong budde folk, står det i dag berre hustufter att. Husa som er tatt vare på, er blitt til feriebustadar.

Olav Haugen, som er redaktør for «Den norske los» i Kartverkets sjødivisjon, har segla langs heile kysten frå grensa mot Russland i nord til grensa mot Sverige i sør, for å kartleggje kystlinja. Med eigne auger så han kvar kystnaturen er minst påverka av menneske. 

Inngrepsfri og tilgjengeleg kystnatur:

Ifølgje Miljødirektoratet er eit inngrepsfritt naturområde eit område som ligg ein kilometer eller meir frå tyngre tekniske inngrep. Døme på tyngre tekniske inngrep er vegar, jernbanelinjer, vassdragsinngrep og større kraftlinjer.

Per januar 2013 var cirka 44 prosent av Noregs areal (unntatt Svalbard og Jan Mayen), definert som inngrepsfritt. Mesteparten ligg på høgfjellet og i innlandet. Berre ein liten del av kystlinja kan reknast som inngrepsfri natur.

Ifølge Statistisk sentralbyrå (SSB) er potensielt tilgjengeleg strandsoneareal rekna ut frå terreng, vegstrekningar, jernbanestrekningar, dyrka markareal, bygningar og kystlinje. Dei flatene som ikkje er påverka av tekniske inngrep blir sett på som potensielt tilgjengelege for friluftsaktivitetar. Flatene inneheld også eigenskapar knytt til helling.

– Fjordane er meir urørte enn kysten. Det er fordi dei ligg lenger frå fiskefelta. Dessutan stuper fjellet direkte ned i fjorden mange steder. Det var for vanskeleg å busette seg der, seier han.

Meir natur i nord

Ifølge Haugen har Noregs kystlinje fleire flotte og relativt urørte områder, som også er tilgjengelege for folk. I praksis er det ofte fråflytta område. Hovudregelen er at det er fleire slike område, og færre menneske, jo lenger nord du kommer. Frå Bømlo og nordover er det gode moglegheiter for nyte naturen aleine. Ifølgje Haugen er nokre av dei beste områda: sunda og fjordane ved Namsos og øyane i Vikna i Nord-Trøndelag, Helgelandskysten i Nordland, øyane nord for Ringvassøy i Troms, og skjergarden ved Kirkenes i Finnmark.

– Kystnaturen er meir urørt jo lenger nord du drar, seier Olav Haugen. Foto: Sjødivisjonen i Kartverket.

– Kystnaturen er meir urørt jo lenger nord du drar, seier Olav Haugen. Foto: Sjødivisjonen i Kartverket.

– Skal du verkeleg føle på «urørt natur», er Svalbard eit godt alternativ. Avstandane er store og det krev mykje førebuingar, men opplevingane er enorme og storslåtte. Det kan alltid seglast på Svalbard i sommarperioden, sjølv om du enkelte år ikkje kan segla rundt Svalbard på grunn av is, seier Haugen.

Olav Haugens tre på topp over urørt og tilgjengeleg kystnatur:

1) Bømlo til Florø

Eit fantastisk øyrike for småbåtar. Øyane gjer ly for storhavet, og du kan stort sett vere for deg sjølv. Minuset kan vere dårlig vær, og at sjøtemperaturane ikkje alltid er like badevennlege.

2) Senja

Den store øya i Troms har ein natur som kombinerer høge fjell med mange øyer. Senja er ein kombinasjon av Sørlandets skjergard og Lofotens fjell.

3) Ytre Oslofjord og Sørlandskysten til Mandal

Skjergarden langs Skagerak har eit uttal mindre øyer, viker, svaberg og badeplassar. Klimaet har varme somrar. Eit minus er at nærleiken til store byar inneber mange hytter og folk. Ikkje minst om sommaren kan det vere vanskeleg å finne ein stad å vere aleine. Til gjengjeld er det godt tilrettelagt for båtturistar.

Vil verne vakker kystnatur

Den Norske Turistforening (DNT) har plukka ut nokre eksempel på kystområde dei meiner er viktige for mange, og som dei vil verne mot til dømes vindkraftutbygging. Det er:

  • Stadlandet
  • Jærkysten
  • Nordkapplatået
  • Sommerøya
  • Ytre Sogn
  • Helgelandskysten
  • Lofoten
  • Vesterålen

DNT har også kåra den vakraste kystperla i Noreg. Slike avstemmingar er basert på subjektive oppfatningar, og er ofte resultat av kven som mobiliserte flest til å stemme for si kystperle. Likevel gir denne kåringa, saman med områda DNT vil verna, nok ein peikepinn på kvar kysten byr på gode friluftsmoglegheiter. Dei fem områda med flest stemmer var:

  • Helgelandskysten
  • Lofoten
  • Sørlandskysten
  • Sunnmørskysten
  • Vesterålen

 

Foto: Alf M. Sollund.

Foto: Alf M. Sollund.

 

Oppfordringa er dermed å sette seg ned med kart og planlegge aktuelle ruteval for neste oppdagingstur. Med Norgeskart frå Kartverket kan alle no skrive ut kart og få ein kvalitet som tilsvarar trykte og utgitte kart.

Prøv sjølv: http://www.norgeskart.no/turkart/

Innhaldet er sjølvsagt heilt oppdatert. Utskrifta kjem også med kilometernett - som på trykte kart. Dermed kan du bruke utskrifta til å sette kompasskurs og regne ut avstandar.

Sjå video: Slik skriv du ut eit eget turkart

Dypdykk i urørt natur

Den lange kysten har også gode tilbod for dei som likar seg best under vatnet. Fleire områder har ein rik undervannsfauna, der ein kan dykke i urørt og uutforska natur med rik vegetasjon og artsmangfald.  Fiskestimar, forliste fartøy på havbotnen, og frodige tareskogar, er berre nokre av opplevingane dykkarar møter under vatn. Ifølge Norges Dykkeforbund er desse stadene nokre av dei mest interessante lokalitetane:

1) Saltstraumen ved Bodø

Noregs mest kjente dykkelokalitet med verdas sterkaste malstraum. Her er det mykje liv, men det er først og fremst dei spesielle straumforholda som gjer dette til ein populær og lett tilgjengeleg dykkelokalitet. Under strømmedykk må dykkaren ha kontroll på flo og fjære slik at han kan følgje med når straumen snur og endrar styrke.

Sjå også: Strømvarsel for Saltstraumen

2) Mørekysten

Vatnet utanfor kysten av Møre og Romsdal er klart. Frodige tareskogar gøymer mykje liv. Dessutan er det mange vrak å utforska. Minuset er at her kan det vere mykje vind og bølgjer.

3) Drøbak

Oslofjorden er lett tilgjengeleg for mange. Alt anna enn naturlig, for «Muren» er eit undersjøisk forsvarsanlegg utanfor Drøbak, men like fullt ein stad som verkar urørt kvar gang du dykkjer der.

Det finnest fleire gode alternativ langs heile kysten frå Sørlandet til og med Finnmark.