Fugletittere ved Storesand og Ytre Hvaler nasjonalpark. Foto: Marit Winther-Janson/Statens naturoppsyn.
Fugletittere ved Storesand og Ytre Hvaler nasjonalpark. Foto: Marit Winther-Janson/Statens naturoppsyn.

Ulike verneområde langs kysten og i havet

Dei verna områda langs kysten og i havet skal sikre sårbare og trua naturtypar, og ta vare på område av internasjonal, nasjonal og regional verdi.

Verneområda er delt i ulike kategoriar ut frå kva som skal vernast, og kor strengt vernet skal vere. I Noreg skil me mellom nasjonalparkar, landskapsvernområde, naturreservat, biotopverneområde og marine verneområde. Fleire korallrev er også verna mot botntråling.

Allemannsretten gjer oss moglegheit til å ferdast fritt i verneområda, men enkelte stader kan det vere forbod mot ferdsle delar av året, som i hekke- og yngletida. Kvart verneområde har si eiga verneforskrift.

Nasjonalparkar

Nasjonalparkar er store naturområde med særeigne eller representative økosystem. Dei kan også vere landskap utan tyngre naturinngrep. Noreg har nasjonalparkar både på fastlandet og på Svalbard. Dei store verneområda sikrar at samspelet i naturen ikkje blir forstyrra. Dei er ein viktig del av arbeidet med å hindra at plantar og dyr blir utrydda.

På Svalbard er det sju nasjonalparkar som alle ligg ved kysten. På fastlandet i Noreg er dei fleste nasjonalparkane i innlandet eller fjellet, men nokre går også heilt ned til sjøen som til dømes Lomsdal – Visten nasjonalpark i Nordland og Seiland nasjonalpark i Finnmark.

 

Skjellholmen mot Akerøya, Ytre Hvaler nasjonalpark. Foto: Fylkesmannen i Østfold.

Skjellholmen mot Akerøya, Ytre Hvaler nasjonalpark. Foto: Fylkesmannen i Østfold.

Ytre Hvaler nasjonalpark vart oppretta i 2009 som den fyrste nasjonalparken som også inkluderte område under vassflata. Det meste av Ytre Hvaler nasjonalpark er hav- og sjøbotn. Med blautbotn, rike tareskogar og korallar har den eit komplett økosystem under vassflata. Ytre Hvaler nasjonalpark grenser til den svenske Kosterhavet nasjonalpark som vart oppretta samtidig. I 2013 vart Færder nasjonalpark oppretta på andre sida av Oslofjorden. Det meste av denne nasjonalparken inkluderer også område under vassflata.

 

Per 2014 er det 37 nasjonalparkar på fastlandet i Noreg, og 7 på Svalbard.

Landskapsvernområde

Landskapsvernområde er natur- eller kulturlandskap med stor økologisk eller kulturell verdi. Dei kan også ha stor verdi for opplevingar. Også kulturminne som bidreg til eigenarten til landskapet, reknast med. Denne verneforma blir ofte brukt for å ta vare på kulturlandskap i aktiv bruk. Ei sentral målsetjing med landskapsvernområde er å ta vare på landskapsbiletet og landskapsopplevinga.

Døme på kystlandskap som har denne verneforma er: Oksøy-Ryvingen mellom Kristiansand og Mandal, Jærstrendene, Sør-Smøla i Møre og Romsdal, Røstøyan i Nordland, Nordkvaløya – Rebbenesøya i Troms og Lyngsalpan.

Per 2014 er det 201 landskapsvernområde på fastlandet i Noreg.

Naturreservat

Naturreservat er den strengaste forma for områdevern etter naturmangfaldslova. Dette er område som inneheld trua, sjeldan eller sårbar natur, som representerer ein bestemd naturtype, har eit særskilt verd for biologisk mangfald, utgjer ein spesiell geologisk førekomst eller har særskild naturvitskaplig verdi.

Fakta:

Regjeringa og Stortinget legg rammene for vernet av natur i Noreg. Miljødirektoratet, fylkesmennene og Sysselmannen på Svalbard har ansvaret for å gjennomføre vernearbeidet med utgangspunkt i naturmangfaldlova og svalbardmiljølova. Noreg, inkludert Svalbard, har til saman cirka 2 700 verneområde for naturområde.

Miljødirektoratets naturbase har kart som viser kor verneområda er. Det er lenkjer til kvart verneområde med informasjon. Her er det lenkja vidare til Lovdata og verneområda sine verneforskrifter:

http://kart.naturbase.no

SSB Verna områder

Mange naturreservat er små. Sjøfuglreservata langs kysten er typiske døme. Naturreservata er mykje større på Svalbard og Jan Mayen. Heile den austlege delen av Svalbard er naturreservat.

Per 2014 er det 2 107 naturreservat på fastlandet i Noreg. Det er 22 naturreservat på Svalbard og Jan Mayen.

Biotopverneområde

Eit biotopvern tar vare på leveområda til bestemde dyreartar eller plantar. Dei er økologiske funksjonsområde for ein eller fleire artar. Typiske funksjonsområde er: gyteområde, oppvekstområde, vandrings- og trekkruter, beiteområde, hiområde, myte- eller hårfellingsområde, spill- eller paringsområde og yngleområde.

Typiske biotopverneområde langs kysten er fuglefredingsområda som øyer og skjer der det ikkje er lov å gå i land i hekkesesongen. Det er ikkje statistikk på talet for dei ulike biotopverneområda.

Marine verneområde

Marine verneområde blir oppretta for å ta vare på marine verneverdiar, eller slike verdiar som er økologiske føresetnadar for artar som lever på land. Kriteria for å oppretta marine verneområde er felles med kriteria for naturreservat.

I tillegg kan marine verneområde opprettast for å ta vare på særeigne eller representative økosystem utan tyngre naturinngrep. Dei kan også opprettast for å ta vare på økologiske funksjonsområde for ein eller fleire artar. Vernet kan anten vere for sjøbotnen, vassøyla eller overflata, eller ein kombinasjon av desse.

Dei tre første marine verneområda i Noreg vart oppretta 21. juni 2013. Dei er:

• Framvaren marine verneområde i Vest-Agder. Kjemiske eigenskapar her gjer dette til eit svært interessant studieområde i vitskaplig samanheng.

• Tauterryggen marine verneområde i Nord-Trøndelag. Dette omfattar det nest grunnaste kjende korallrevet som er bygd opp av augekorall (Lophelia pertusa).

• Saltstraumen marine verneområde i Nordland. Dette omfattar mellom annan sjølve Saltstraumen som er rekna som den sterkaste tidevasstraumen i verda.

Miljødirektoratet arbeider med vern av ytterligare fem marine verneområde. Dei er: Skarnsundet og Borgenfjorden i Nord-Trøndelag. Røberg og Gaulosen i Sør-Trøndelag og Jærkysten i Rogaland.

Verna korallområde

Det er dokumentert tusenvis av korallrev i Noreg. Alle enkeltrev er ikkje satt ut i karta, men samla i område som kan kallast korallfelt. Korallfeltet som har det offisielle namnet Trænarevet inneheld til dømes nesten 1 500 enkeltrev.


For å verne korallreva er det innført forbod mot fiske med botntrål i ni område med korallrev. Det er:

Mye dyreliv blant norske kaldtvannskoraller. Foto: IMR/MAREANO.

Mye dyreliv blant norske kaldtvannskoraller. Foto: IMR/MAREANO.


  • Korallen nordvest for Sørøya i Finnmark
  • Trænarevet utanfor Nordland
  • Røstrevet utanfor Nordland
  • Iverryggen utanfor Nord-Trøndelag
  • Sularevet utanfor Sør-Trøndelag
  • Breisunddjupet utanfor Møre og Romsdal
  • Tisler utanfor Østfold
  • Fjellknausane utanfor Østfold
  • Rauerfjorden utanfor Østfold

Vernet er gitt etter «Forskrift om utøvelse av fisket i sjøen» kapittel XIII Beskyttelse av korallrev.

Andre former for vern

Tidlegare vart det også nytta enda fleire verneformer som til dømes naturminne, område kor artar vart freda og biotopvern etter viltlova.