På sporet av ukjende korallrev

Sularevet utanfor kysten av Midt-Noreg. Foto: MAREANO.
Sularevet utanfor kysten av Midt-Noreg. Foto: MAREANO.

Havet utanfor Midt-Noreg rommar langt meir korallar enn vi har visst om.

Norske havområde rommar dei største førekomstane av ein kaldvasskorall med det klingande namnet «Lophelia pertusa». Faktisk er kvar tredje korall av dette slaget norsk.

Miljødirektoratet har bestilt to nye rapportar for å betre kunnskapen om den naturrikdommen som finst under havoverflata i våre område.

– Kunnskap er viktig i forvaltinga av havområda. Vi treng kunnskap om kor korallar finst, kva korallar betyr for økosystema og kva dei tåler og ikkje tåler av påverknad frå oss menneske. Då kan vi gi betre faglege råd om korleis menneskeleg aktivitet kan gå føre seg i havet, utan at naturen tek skade, seier avdelingsdirektør Signe Nåmdal i Miljødirektoratet.
Ein rapport som Norges geologiske undersøkelser (NGU) har utarbeidd på oppdrag frå Miljødirektoratet, tyder på at det finst fleire rev enn ein tidlegare har trudd utanfor Midt-Noreg.

I ein annan rapport har Havforskingsinstituttet (HI) og Norsk institutt for naturforsking (NINA) samanstilt oppdatert kunnskap om Lophelia-korallari norske farvatn.

Noreg har både verdas største og nordlegaste kaldvasskorallrev, og dei tettaste førekomstane av slike rev. Vi har verdas lengste djuphavrev, Røstrevet, som er 35 kilometer langt. Vi har verdas grunnaste djuphavkorallrev, Tautra-ryggen, som ligg på berre 40 meter djupn i Trondheimsfjorden. I tillegg kan desse korallreva vere opp mot 8 000 år gamle.