MF Ampere går i rute over Sognefjorden. Foto: Norled.
MF Ampere går i rute over Sognefjorden. Foto: Norled.

Elektrifisering gir meir miljøvenleg kyst

Stadig meir maritim transport og infrastruktur byter ut fossile drivstoff med straum. Det reduserer klimagassutsleppa og kan betre luftkvaliteten lokalt. 

– Det viktigaste tiltaket er at vi har opna opp for ein marknad med elektriske ferjer, seier Sigurd Enge, fagansvarleg for skipsfart og Arktis i Miljøstiftinga Bellona.

Elektriske ferjesamband

Da MF Ampere vart sett i drift i 2015 mellom Lavik og Oppedal langs E39 i Sogn og Fjordane, var ho ikkje berre Noreg si, men også verda si første elektriske bilferje. No har også ferjesambandet Anda - Lote langs E39 i Nordfjord, litt lenger nord i same fylke, blitt elektrisk drive med ei heileelektrisk ferje og ei hybridferje som også kan gå på biodiesel. 

Planer for riksvegferjesambanda:

1. Moss - Horten (Konsesjon til ferjesamband med diesel til 2026.)
2. Hjelmeland - Nesvik i løpet av 2021 (med ei heilelektrisk ferje og ei ferje delvis driven på hydrogen)
3. Lauvik - Oanes (blir avløyst når Ryfast opnar og blir derfor ikkje elektrifisert)
4. Mortavika - Arsvågen (blir avløyst når Rogfast opnar og blir derfor ikkje elektrifisert)
5. Halhjem - Sandvikvåg (ikkje regjeringsbehandla)
6. Mannheller - Fodnes blir elektrifisert i 2020
7. Hella - Vangsnes - Dragsvik blir elektrifisert i 2020
8. Lavik - Oppedal (konsesjon går ut 2024, ny regjeringshandsaming rundt 2020)
9. Anda - Lote er elektrifisert frå 2018
10. Volda - Folkestad blir elektrifisert i 2020
11. Solevåg - Festøy blir elektrifisert i 2020
12. Molde - Vestnes blir i stor grad elektrifisert i 2021 (energikrevjande)
13. Halsa - Kanestraum (blir regjeringshandsama i 2018)
14. Bodø - Værøy - Røst - Moskenes (konsesjon går ut 2023, regjeringshandsaming rundt 2019)
15. Bogenes - Lødingen (konsesjon går ut 2023, regjeringshandsaming rundt 2019)
16. Bogenes - Skarberget (konsesjon går ut 2022, regjeringshandsaming rundt 2018/2019)
17. Drag - Kjøpsvik (konsesjon går ut 2022, regjeringshandsaming rundt 2018/2019)

Kilde: Vegdirektoratet 

Fleire riksvegferjesamband vil få krav om nullutslepp/lågutslepp etter kvart som krava for neste kontraktsperiode blir handsama av regjeringa. I første omgang skal fire samband i 2020 og tre samband i 2021 gå over til elektrisk ferjedrift.

Nokre ferjesamband, som til dømes Bodø-Værøy-Røst-Moskenes, er for lange til at det er praktisk mogleg med heilelektriske ferjer der. Her kan det i staden komme ferjer som er drivne på hydrogen eller biodiesel.

– På grunn av det har vi nå eit utviklingsprosjekt for ei hydrogenelektrisk ferje på sambandet Hjelmeland - Nesvik, seier Edvard Thonstad Sandvik frå Vegdirektoratet.

Dette prosjektet skal etter planen ha ei ferje som er femti prosent driven med hydrogen frå og med 2021.

Aktuelt for fleire fartøy 

Også andre fartøy enn ferjer kan få elektrisk motor, enten det er snakk om heilelektrisk motor, hybridmotor eller ein elektrisk hjelpemotor. Noreg har allereie fått verdas første batteridrivne sjark: Karoline, og verdas første batteridrivne arbeidsbåt for havbruk: Elfrida. 

– Heilstraum er foreløpig mest aktuelt for ferjer, sidan dei har faste og avgrensa distansar å gå. Men bruk av batteri for å avlaste forbrenningsmotoren, såkalla hybridisering av skip, kan avgrense behovet for motorkraft på skipet, noko som vil medverke til mindre bruk av drivstoff og difor mindre klimagassutslepp, seier Arnhild Wartiainen, seniorrådgivar i Kyst- og miljøavdelinga hjå Samferdsledepartementet.

Landstraum

Tilbod om landstraum i hamnene gjeld for fartøy som ligg til kai. Da kan dei slå av den konvensjonelle hjelpemotoren som forsyner fartøyet med straum, og i staden få straumen fartøyet treng frå land. Dette gir store lokale miljøgevinstar ved reduserte utslepp av CO2, NOx, SOx og partiklar.

Bergen har mellom anna fått eit landstraumanlegg for Hurtigruta. Enova har også gitt støtte til tilsvarande anlegg i Tromsø, Trondheim og Ålesund.

– Støtte til landstraum er rigga som ein konkurranse med faste søknadsfreistar. I konkurransen rangerer vi prosjekta etter brukspotensialet til anlegget målt opp mot kor mykje støtte det er søkt om. Slik prioriterer vi dei mest kostnadseffektive prosjekta først, så samfunnet får mest bruk av landstraum for pengane, seier Ingrid Aune hjå Enova.

 

Bergen er den første hamna som tilbyr Hurtigruten landstraum. Foto: Eivind Senneset/Hurtigruten/Bergen Havn.

Bergen er den første hamna som tilbyr Hurtigruten landstraum. Foto: Eivind Senneset/Hurtigruten/Bergen Havn.

Enova har hatt fire slike utlysningsrundar for landstraumanlegg i 2016 og 2017, der dei har tildelt nærare 390 millionar kroner. Første søknadsfrist i 2018 var 16. mars.

 

Enova støtter også tiltak som gir gode energi- og klimatiltak i skip, men som har så høge investeringskostnader at reiarane treng støtte for å kunne ta dei i bruk.

– For å komme til lågutsleppssamfunnet, treng vi dei som går føre og tar i bruk ny teknologi, seier Aune.

Frå i år kan Enova også støtte pilotering for selskap som ynskjer å utvikle nye løysingar for framtidas transport.

Laks på landstraum

I havbruksnæringa er det òg potensiale for meir landstraum. Ein studie gjort av Bellona og ABB viser at ytterlegare elektrifisering av sjøfasen av lakseproduksjon kan kutta utslipp av klimagassar med 360 000 tonn CO2 årleg, tilsvarande180 000 bilar.

Halvparten av oppdrettanlegga vert drive med størm frå land. Men fire av fem anlegg som enno køyrer på lokale dieselaggregat kan forsynast frå nettet. Duoen presiserer at overgang til landstraum vert endå viktigare framover sidan lakseoppdrett er spådd sterk vekst dei neste tiåra.

Òg for implementering av slike nullutslippsløsninger finst det støtteordningar frå Enova. I studien innkluderes òg løysingar som "energilagring i batteri og straumtilførsel heilt ut på merdkanten som gjer muleg helelektrisk drift og lading av elbåter".

Betre med solceller

Det er ikkje berre fartøya på sjøen som kan nytte elektrisitet som drivstoff. Det gjeld også sjømerka som viser fartøya vei langs farleiene. Til dømes har fleire fyr som tidlegare nytta dieselaggregat, fått installert solcellepanel og led-lys, og dermed redusert behovet for dieselaggregat. Generelt på sjømerke blir solcellepanel montert vertikalt og gjerne som ein integrert del av bygningskroppen. Hensikta med vertikal montering er å dra nytte av innstrålinga frå den låge vintersola når behovet for lyset frå sjømerka er størst. Slik plassering vernar også mot fugleskit på solcellene.

Til tross for mørketida kan solcelleanlegg også nyttast i Nord-Noreg og på Svalbard. Da må ein i tillegg ta høgde for mørketida som er heilt utan solinnstråling og lading. For område med vintersol vil anlegga få energi av refleksjonane frå sjø og snø i tillegg til solinnstrålinga.

– Dessutan er anlegga dimensjonerte for at batteripakkane skal lagre nok straum om sommaren til å vare heile vinteren, seier Leif Arne Larsen, avdelingsleiar ved det nasjonale kompetansesenteret for farlei, fyr og merker i Kystverket.

Ikkje store hindringar

Fleire elektriske fartøy og landstraumanlegg krev meir straum. Likevel er det ikkje noka bekymring for at etterspurnaden skal overstige tilbodet.

– Gjennom samarbeidet med grøne sertifikat med Sverige, forventar vi auka produksjon og auka kraftoverskot i framtida, seier Sigurd Enge frå Bellona.

Det er heller ikkje nokre formelle hindringar for elektrifiseringa langs kysten. Ifylgje Sjøfartsdirektoratet er bruk av batteri om bord godt regulert både med tanke på hybridanlegg og for fartøy som er hundre prosent elektrisk drivne.

– Det finst ikkje nokre hindringar i regelverket mot å gå frå fossile drivstoff og til elektrisitet og batteri, stadfester Kolbjørn Berge, prosjektleiar i Sjøfartsdirektoratet.

Bellona har òg laga sine muligheitsstudiar: 

Landstraum til cruiseskip

Elektrifisering av kystfiskeflåten