Kongekrabba har etablert seg utanfor Sørøya

Seniorforskar Jan H. Sundet seier at det er mykje som tyder på at kongekrabba har etablert seg utanfor Søryøya i Vest-Finnmark. Foto: Gunnar Sætra/IMR
Seniorforskar Jan H. Sundet seier at det er mykje som tyder på at kongekrabba har etablert seg utanfor Søryøya i Vest-Finnmark. Foto: Gunnar Sætra/IMR
Framleis er det lite krabbe utanfor Vest-Finnmark.

Havforskingsinstituttet har nyleg avslutta det såkalla avgrensingstoktet – eit tokt som skal finne ut kor langt vest kongekrabba har komme.

Yngla

– Vi fann småkrabba på yttersida av Sørøya, og det kan tyde på at kongekrabba har yngla i området. Det er nytt frå tidlegare år, men ingenting tyder på at det er store mengder krabbe i området, seier han.

Forskarane sette ut teiner ein rekke stader, men dei registrerte lite krabbe.

– Vi har vore i både Altafjorden, Rognsundet, Vargsundet, Stjernsundet og så langt vest som til Bergsfjorden, nesten på grensa til Troms, men med unntak av yttersida av Sørøya var det berre i områda tett opp til Nordkapp at vi fekk nokre få eksemplar i teinene våre, seier Sundet. 

Haldast i sjakk

Sundet seier det er eit godt teikn at kongekrabba ikkje er talrik vest for Nordkapp.

– Det ser ut til at det frie fisket og utryddingsfisket er med på å halde bestanden i sjakk. Det er iallfall ingenting som tyder på at det er dei naturgitte føresetnadene som hindrar utbreiinga av kongekrabba, avsluttar han.

Av Gunnar Sætra.

Artikkelen er henta frå Havforskningsinstituttet.