Framande artar

Kongekrabbe er no også ein turistattraksjon.
Kongekrabbe er no også ein turistattraksjon.

Når ein framand art etablerer seg i norske farvatn, er han så godt som umogleg å bli kvitt.

Mange framande artar kjem til Noreg, men berre eit fåtal klarer å etablere seg. Dersom den framande arten blir talrik og kan utkonkurrere lokale artar, blir han kalla ein invaderande art. I norske farvatn er kongekrabbe, snøkrabbe, amerikansk hummar og stillehavsøsters dei framande artane som vekker størst bekymring i dag.

Kjem med skip

– Arter spreier seg på to hovudmåtar. Ein art kan utvide sitt utbreiingsområde på grunn av betre levevilkår. Taskekrabben, som har spreidd seg til Nordkapp, er eit eksempel. Andre artar er aktivt flytta frå ein verdsdel til ein annan, seier Jan H. Sundet, seniorforskar ved Havforskningsinstituttet.

Desse framande artane kjem med ballastvatn, eller som gjengroing på skipsskrog. Artar kan også spreie seg ved å rømme frå akvakulturanlegg, eller ved at nokon slepp dei ut i sjøen.

Ulike artar skaper ulike problem

Kongekrabben vandra inn til kysten av Finnmark etter å ha blitt sett ut i Murmanskfjorden på 1960-talet. Han endrar botnfaunaen ved at han et store mengder botndyr. Aust for Nordkapp er det eit langsiktig fiskeri på kongekrabbe. Vest for Nordkapp er fiskeriet fritt.

– Det har virka bra. Vi greier ikkje å stoppe spreiinga vestover, men vi kan avgrense bestanden og bremse spreiingshastigheita, seier Sundet.

Snøkrabben er ein arktisk art og held til lenger nord i Barentshavet. Man veit ikkje sikkert om han er sett ut, eller om han sjølv har vandra inn frå havområda ved Beringstredet. Snøkrabben kan ha same effekt på botnfaunaen som kongekrabben. Nærings- og fiskeridepartementet vil om kort tid ha klar ein oversikt over tiltaka for forvaltning av snøkrabbe på norsk sokkel i Barentshavet.

Amerikansk hummar, som truleg er sluppen ut frå import av levande hummar, er funnen fleire stader langs kysten av Sør-Noreg.

Havforskningsinstituttet har overvakt stillehavsøsters langs Skagerrakkysten sidan 2008. Foto: Espen Bierud/IMR.

Havforskningsinstituttet har overvakt stillehavsøsters langs Skagerrakkysten sidan 2008. Foto: Espen Bierud/IMR.

– Vi ønskjer å utrydde den amerikanske hummaren fordi han er ein trussel mot europeisk hummar, seier Anne Kjos Veim, seksjonssjef ved Fiskeridirektoratet.

Stillehavsøstersen er ein såkalla «ingeniørart», som kan endre leveområda der han etablerer seg. Blautbotn blir til hardbotn. Han kan fortrenge blåskjel og den norske flatøstersen, samtidig som dei skarpe skjela øydelegg bade- og friområda.

Les mer om artene på nettsidene til Havforskningsinstituttet.

Korleis halde dei i sjakk

I praksis er det umogleg å utrydde framande artar som har etablert seg i havet. Det viktigaste tiltaket er å hindre at nye arter kjem hit. IMO (International Maritime Organisation) sin Ballastvatnkonvensjon, som trer i kraft 8. september 2017, er eit tiltak.

Les mer på Sjøfartsdirektoratets nettsider.

Er arten etablert, er alternativet å avgrense talet på individ. Sidan alle dei fire artane er god mat, er både langsiktig kommersiell hausting, og meir drastiske utryddingsforsøk, aktuelle.

Det er kommersielt fiske etter kongekrabbe og snøkrabbe. Mens det foreløpig ikkje finst nokon plan for korleis utrydde den amerikanske humaren, ynskjer Fiskeridirektoratet fangst av stillehavsøsters.

 – Dei ekstreme mengdene burde kunne nyttast kommersielt. Skjel som ikkje kan brukast, kan dumpast på djupt vatn. Der overlever han mest sannsynleg ikkje. Det er også andre moglegheiter, til dømes å bruke kalkskala til jordforbetring, seier Kjos Veim.

Det er ikkje realistisk å ete all østersen rå, men kreative gründarar kan nytte innmat og østersskal til nye produkt. Inspirasjon kan dei hente frå fire unge jenter ved Kragerø vidaregåande skule som utvikla ein ny østerssaus.

– Deira østerssaus, Perledråper, inneheld 20 prosent østers, som er meir østers enn sausen du kjøper i butikken. Kokkar verdsett østersen sin gode smak, og kan bruke han som tilsetjing i supper og sausar, seier forskar Sigurd Øines ved Nofima. Han var ein av dei som hjelpte jentene med å utvikle østerssausen.

– Både innmat og skal kan også innehalde interessante komponentar som det må forskas meir på. Dette er allereie ein suksess når det gjelder rekeskal, seier Øines.

Utanom hausting, er det også mogleg å fjerne stillehavsøstersen manuelt. Miljødirektoratet har gjort fleire forsøk på å fjerne stillehavsøsters, blant anna i Hvaler nasjonalpark.

– Vi er ikkje imot kommersiell hausting, og vår handlingsplan peiker også på den moglegheita. Det er fare for at stillehavsøstersen kan spreie seg helt opp til Lofoten, så han er svært problematisk. Miljøforvaltninga har fokus på å avgrense utbreiinga i verneområde, friluftsområde og i nasjonalparkane, seier Egil Postmyr, seniorrådgjevar i Miljødirektoratet.