Vil avdekke meir ulovleg fiske

Lisbeth Berg-Hansen under konferansen til BarentsWatch 30. mai. Foto: Kjell Knudsen.
Lisbeth Berg-Hansen under konferansen til BarentsWatch 30. mai. Foto: Kjell Knudsen.

Regjeringa vil styrke analyse- og overvakingsmiljøa i nord. 

Det er mer enn 3 år siden artikkelen ble oppdatert
Nyheiten blei presentert under BarentsWatch sin eittårsmarkering i Tromsø. Her kom det fram at regjeringa vil etablere ei analyseeining som skal følgje internasjonal skipsfart i Vardø. Dette som ein ny del av sjøtrafikksentralen.

- Analyseeininga i Vardø skal følge internasjonal skipsfart for å avdekke ulovleg fiske og transport av ulovleg fanga fisk. I tillegg skal eininga etter kvart medverke i arbeidet med hamnesikkerheit og med å avdekke ulovleg transport av farleg gods, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

Analysearbeidet i Vardø vil gjennom overvakinga også vere viktig for å avdekke og stanse ulovleg transport av miljøfarleg gods.

Overvaking i nord

I tillegg ønskjer regjeringa å styrke BarentsWatch i Tromsø.

Under konferansen utdypa Berg-Hansen at BarentsWatch på kort tid har bygd opp ein open informasjonsportal som set saman informasjon frå ei rekke databasar og system.

Ein unik kompetanse er utvikla gjennom BarentsWatch, som no også etablerer eit lukka samhandlingssystem. I dette systemet skal dei etatane som har eit operativt ansvar i hav- og kystområda kunne dele informasjon på ein enkel og sikker måte.

- Ved å samlokalisere dei ulike delane av BarentsWatch i Tromsø kan dei ha gjensidig nytte av kvarandre i det daglege samarbeidet, og løpande ha tilgang til heile prosjektet sin kompetanse. Samla sett vil analyseeininga og utviklinga av BarentsWatch føre til betre kunnskap og grunnlag for handling i hav- og kystområda våre, i tillegg til vekst i kompetansemiljøa i nord, seier fiskeri- og kystministeren.

- Riktige grep

Kystdirektør Kirsti Slotsvik stiller seg bak satsinga på BarentsWatch og eit styrka analyse- og overvakingsmiljø i Vardø.

- Dette er riktige grep og viktig for at miljøa knytta til kyst og fiskeri kan arbeide tettare saman. No blir det spennande å bygge opp denne analyseeininga.

Slotsvik er også særs fornøyd med at BarentsWatch no blir samla på ein stad.

– Det er heilt spesiell kompetanse organisasjonen etterspør, og geografi er ein del av det. Kompetansemiljøa i Tromsø er bra, og tilknytninga til Framsenteret passer godt inn i arbeidet framover.

Dagleg leiar i BarentsWatch, Geir Schulstad, er glad for at Vardø no får etablert ei analyseeining.

- Eg tror dette er veldig viktig, også for det som skjer i BarentsWatch. Her leggjes det til rette for eit breiare samarbeid. For eigen del har vi jobba med dei lukka tenestane i eit års tid. No er vi også svært glad for stadfesting på at dette fortsatt skal styrast frå Tromsø.