Korleis leie ein aksjon mot forureining?

Deltakarane måtte mellom anna halde ein "pressekonferanse". (Foto: Anne- Ruth Jangaard, Kystverket)
Deltakarane måtte mellom anna halde ein "pressekonferanse". (Foto: Anne- Ruth Jangaard, Kystverket)
23 personar frå heile landet fekk opplæring hos Kystverket i korleis ein leiar ein aksjon mot akutt forureining.
Det er mer enn 3 år siden artikkelen ble oppdatert

Når ei hending har ført til ulovleg forureining, vil det vere behov kompetente leiarar. Både ved statlege aksjonar og mindre tilfelle som vert handtert av lokale myndigheiter. Korleis ein blir ein slik leiar var tema for kurset som gjekk føre seg i Kystverkets beredskapssenter 29. - 31. februar.

Variert timeplan

I løpet av dei tre dagane fekk deltakarane opplæring i alt frå aksjonsstrategi til fordjupning i forureinande stoff sine miljøeffektar. I tillegg måtte dei arrangere ein ”pressekonferanse” for eit titalls elevar fra medialinja på Horten videregående skole. Etter å ha fullført kurset skal dei 23 deltakarane kunne leie aksjonar sjølve eller assistere aksjonsleiarar når det gjeld grunnlag for å ta rette avgjersler, iverksette tiltak og ikkje minst følgje opp desse.

Kystverket arrangerer kurs i leiing av aksjonar minst to gongar kvart år. Neste kurs vil gå føre seg i april 2013.

Av Ane Eide Kjæraas.