Meteorologisk institutt

Meteorologisk institutt står for den offentlege meteorologiske tenesta for sivile og militære føremål. Instituttet skal arbeide for at styremakter, næringsliv, institusjonar og folk flest best mogleg skal få høve til å sikre liv og verdiar, for planlegging og for vern av miljøet.

Arbeidsoppgåvene til instituttet er å:  

  • varsle vêret
  • studere Noregs klima og gje klimatologiske utgreiingar
  • drive meteorologiske observasjonsnett i Noreg, nærliggjande havområde og på Svalbard
  • drive nok forskings- og utviklingsarbeid til å kunna løyse faglege og praktiske oppgåver
  • levere flyvêrtenester
  • spreie resultata av arbeidet sitt
  • ta oppdrag og yte spesialtenester for offentlege og private interesser
  • vera med i det internasjonale meteorologiske samarbeidet

I dag har instituttet tre kontor i Noreg; i Oslo, Bergen og Tromsø. Me er ein stab på omlag 440 tilsette. I tillegg løner vi om lag 330 observatørar spreidd over heile landet.

Temaer som redigeres i samarbeid med Meteorologisk institutt

Drivbaner

28. mai 2012

Siste nyheter fra Barentswatch i samarbeid med Meteorologisk institutt

Nyttige satellittar

30. september 2016

FiskInfo lansert

12. februar 2015
Flere nyheter
  • Sist endret: 26. september 2012