Treng handling mot marint søppel

Miljødirektør Ellen Hambro opna ei hytte av marint søppel på Hvaler søndag. Foto: Miljødirektoratet.
Miljødirektør Ellen Hambro opna ei hytte av marint søppel på Hvaler søndag. Foto: Miljødirektoratet.

Privatpersonar, næringsliv og myndigheiter må saman ta ansvar for at havet ikkje vert brukt som søppelbøtte.

Søndag opna miljødirektør Ellen Hambro ei hytte av marint søppel på Storesand i Hvaler kommune. Den skal minne folk på problema søppelet skaper.

Ocean Hope er namnet på søppelprosjektet som kunstnar Solveig Egeland står bak. Kunstnaren har saman med Miljøagentane, barnehagar og skuleklasser samla søppel og bygd hytta «Havsula» av avfallet dei har funne.

– Kunstnaren ynskjer med prosjektet å auke merksemda om forsøplinga av havet. Det er ein viktig bodskap til oss alle. Ute av syne, ute av sinn gjeld ikkje for søppel som vert dumpa i havet, seier Hambro.

Arbeider med tiltak

Marin forsøpling kjenner ingen landegrenser. Avfallet som forureinar det marine miljøet og strender vert transportert over store avstandar. Førre veke vart det bestemt at landa som er tilslutta OSPAR-konvensjonen som skal beskytte det marine miljøet i Nordaust-Atlanteren, saman skal lage ein handlingsplan mot marint søppel. Arbeidet skal vere fullført neste år. Noreg er eit av landa som skal vere med. Dette tiltaket syner at marin forsøpling er eit miljøproblem som får stadig større fokus i befolkninga og hos myndigheitene. EU kjem også til å fokusere på marin forsøpling i 2014.

For å betre på situasjonen støttar norske styresmakter mellom annan frivillige oppryddingstiltak og samarbeider med fiskeflåten slik at avfall som vert fanga i trålen vert samla inn og destruert.

– Tiltaka som vi som styresmakter kan gjere er ikkje nok. Skal vi få bukt med forsøplingsproblemet i det marine miljøet, må både næringsliv og privatpersonar ta ansvar og slutte å dumpe avfall i naturen og sørgje for at reiskap på land og i båtar er godt nok sikra. I tillegg treng vi internasjonalt samarbeid som forpliktar, seier Ellen Hambro.

Det er forbode å kaste avfall på havet. Verken private, skipsfarten eller fiskeflåten kan lovleg kvitte med avfall på denne måten.

Skader dyr og fuglar

Det er anslått at 70 prosent av avfallet som endar i havet søkk, 15 prosent flyt i overflata og 15 prosent ligg i strandsona.

Mange dyr vert skada av avfallet mellom anna fordi dei trur avfallet er mat og får det i seg. I verste fall kan dyra døy. Internasjonale undersøkingar har berekna at så mange som ein million sjøfugl og 100 000 sjøpattedyr døyr av marint søppel kvart år globalt.

– Dei globale tala er skremmande, og vi veit at søppelet skadar dyr og fuglar også i havområda våre, seier miljødirektøren.

Overvakar Norskekysten

Fem strender på fastlandet og to på Svalbard vert overvaka i eit overvakingsprogram som vart starta i 2011. Ved å samle søppel i strandsonen eit par gangar i året, forsøker ein å betre kunnskapen om kor stort problemet er, kva slags avfall som vert funne og kvar avfallet kjem frå. Resultata vert rapporterte til OSPAR-konvensjonen. Over tid vil overvakinga gje miljøstyresmaktene eit godt grunnlag for å sette inn tiltak der det er mest hensiktsmessig.

Eit av områda er Akerøya i Ytre Hvaler nasjonalpark. 90 prosent av avfallet som er samla inn her er plast som lett flyt i havet og endar i strandsona. På ei strandstrekning på 100 meter vart det i fjor plukka 9 000 små plastbitar, nær 7 000 stumpar av liner og tau, 1 200 bruskorkar og lokk, men også nær 800 bomullspinnar som mange kastar i do. På stranda vart det òg funne fiskeutstyr, flasker, lyspærer, oljekanner, sko og medisinsk utstyr.

– Innsamlingane i dei sju strendene som vert overvaka viser at søppelproblemet rammar heile kysten. I tillegg viser undersøkingane at omfanget er stort. Vi treng effektive tiltak for å hindre at søppelmengda i havet aukar, og samtidig tiltak for å rydde søppel som allereie finst der, seier Ellen Hambro.

Fakta:

  • Store mengder søppel endar i havet, også i norske havområde.
  • Det meste av søppelet søkk til botn, men ein del flyt i vassflata og vert frakta over store avstandar og ender ofte i strandsona.
  • Søppelet kan i verste fall ta livet av sjøfugl og dyr som mellom anna trur at små plastbitar er mat.
  • Plast i havet vil brytas ned til mindre og mindre biter til det til slutt endar opp som mikropartiklar.
  • Det er sett i verk tiltak både internasjonalt og i Noreg for å handtere utfordringa det marine søppelet representerer.