No skal søppel fiskast

Foto: Fiskeridirektoratet.
Foto: Fiskeridirektoratet.

Norske fiskarar skal hjelpe til med å samle inn marin forsøpling. Dette avfallet truar det marine miljøet og skader dyrelivet i havet.

Prøveprosjekt er toårig og heiter «Fishing For Litter». Planlagd oppstart er 2. januar 2016, og i fyrste omgang er det planlagt mottaksopplegg i Tromsø, Ålesund, Egersund og Karmøy.

Noreg og dei 14 andre medlemslanda i Oslo-Paris-konvensjonen om vern av det marine miljøet i Nordøst-Atlanteren (OSPAR) er bedt om å delta i dette initiativet mot marin forsøpling.

- Ordninga inneber at fiskebåtar som deltek, blir utstyrt med store, robuste sekker kor dei samlar avfall som blir tekne opp med trål eller annan reiskap under normalt fiske. Sekkene blir leverte kostnadsfritt i hamner som deltek i ordninga. Her blir avfallet sortert, registrert og handtert på forsvarleg måte, forklarer miljødirektør Ellen Hambro.

Det er vurdert at rundt 15 prosent av marint avfall driv i land og blir liggjande på strendene, mens 15 prosent flyt rundt i havet. Dei resterande 70 prosent hamnar på havbotnen.

Mykje av dette avfallet består av plast, metall og gummi, som det kan ta hundreår å bryte ned i naturen.

Påverknaden frå marin forsøpling kan vere kritisk for artar i ein allereie pressa bestandssituasjon. Sjøfugl er spesielt utsett. Mengda søppel i havet aukar dessverre frå år til år. 

Forutan Fiskeridirektoratets årlege oppryddingstokt for tapte fiskereiskap, har vi i Noreg ingen andre organiserte tiltak som er retta mot den delen av avfallet som befinn seg i vassøyla eller ligg på havbotnen. 

Les meir om marin forsøpling hos Miljødirektoratet.