Få funn av virus på vill laksefisk

Foto: Norges Miljøvernforbund/Green Warriors.
Foto: Norges Miljøvernforbund/Green Warriors.
Resultat frå Havforskingsinstituttet og Veterinærinstituttet viser få funn av sjukdomsframkallande virus som er vanlege på oppdrettsfisk.
Det er mer enn 3 år siden artikkelen ble oppdatert

Undersøkingane på vill laksefisk er gjort på oppdrag for Mattilsynet som ein del av overvakingsprogrammet for sjukdom på vill laksefisk.

Formålet med overvakinga er å finne ut om smittsam sjukdom på oppdrettsfisk fører til smitte på villfisk. Veterinærinstituttet har hatt ansvaret for villfiskovervakinga i ferskvatn og Havforskingsinstituttet i sjøvatn. Mattilsynet starta overvakingsprogrammet i 2012.

Overvakingsprogram på villfisk

Det vart gjennomført testing for viruset som forårsakar pankreassjukdom (SAV), infeksiøs lakseanemi virus (ILAV), infeksiøs pankreasnekrose virus (IPNV), samt virusa som er assosiert med hjarte- og skjelettmuskelbetennelse (PRV) og hjartesprekk (PMCV).

Med unntak av relativt hyppige førekomstar av PRV hos stamfisk av vill laks i ferskvatn, resulterte overvakinga i få funn av sjukdomsframkallande virus som er vanlege på oppdrettsfisk. Det ser ut til at sjøaure ikkje er særleg mottakeleg for PD-virus (SAV), men kan vere naturleg infisert med låge nivå av viruset som er assosiert med hjarte- og skjelettmuskelbetennelse (PRV).

Spørsmålet er om få funn av virus skuldast at villfisken ikkje er utsett for noko høgt smittepress av t.d. infeksiøs pankreasnekrose virus eller PD-virus, eller om det er vanskeleg å fange smitta villfisk fordi fisken kan blir alvorleg svekka og overlever i lita grad. Det vil det vere viktig med ytterlegare overvaking dei neste åra for å stadfeste resultata frå 2012 og for å avdekke endringar i smittestatus over tid.

Virussjukdomar i oppdrett

Norsk havbruk har store tap på grunn av smittsame sjukdomar, og det gjeld særleg virussjukdomar. Talet på anlegg som fekk påvist pankreassjukdom auka i 2012, men ein har framleis klart å hindre at denne sjukdomen har fått etablert seg nord for Sør-Trøndelag.

Det er ei positiv utvikling i helsestatus til oppdrettsfisken for enkelte sjukdomar. Når det gjeld dei alvorlege sjukdomane infeksiøs lakseanemi og infeksiøs pankreasnekrose har det vore færre utbrot dei siste åra.