23. konsesjonsrunde: Dei nye områda for leiteboring

Seniorgeolog Harald Brekke (t.v.) og Nils Rune Sandstå, har store forventningar til det nye området som vart opna for leiting etter petroleum i Barentshavet søraust. Sandstå var koordinator for 23. konsesjonsrunde. Foto: Kjetil S. Grønnestad.
Seniorgeolog Harald Brekke (t.v.) og Nils Rune Sandstå, har store forventningar til det nye området som vart opna for leiting etter petroleum i Barentshavet søraust. Sandstå var koordinator for 23. konsesjonsrunde. Foto: Kjetil S. Grønnestad.

For første gong på over 20 år, vart nye område opna for leiteboring etter olje og gass på norsk sokkel.

Det er Barentshavet søraust som er opna som nytt leiteområde. Det skuldast at grensa mot den russiske delen av Barentshavet, den tidlegare omstridde sonen, vart avklart i 2010.

– Vi har undersøkt havbotn med seismikk og fått inn data frå interessante sektorar i Barentshavet søraust, seier Harald Brekke, seniorgeolog ved Oljedirektoratet.

Har leita lenge

Barentshavet sør, sør for 74 grader 30 minutt nord, vart opna for leiting etter olje og gass i 1980 samtidig med Norskehavet. Det første gassfunnet, Snøhvit-feltet, vart gjort i 1984. Det vart ikkje gjort nye drivverdige funn, så interessa for leiting etter olje og gass i Barentshavet sank fram til byrjinga av 1990-talet. Barentshavsprosjektet i 1997 skulle få fart i leitinga igjen. Olje- og energidepartementet fekk inn 9 søknader om utvinningsløyve. Det første drivverdige oljefunnet, Goliat-feltet, vart gjort i 2000.

Produksjonen blei starta på Snøhvit i 2007 og på Goliat i mars 2016. Dette er framleis dei to einaste felta som er i drift i norsk del av Barentshavet.

Nye leitemetodar

Geologien på havbotnen i Barentshavet, gjorde at oljeselskapa måtte tenkja nytt når de skulle leite etter olje og gass. Skiftande istider har vekselvis ført til at havbotnen har vorte heva og høvla bort. Det har ført til at gass har lekt ut. Når gassen forsvann, auka trykket på olja under. Dermed har den vorte pressa ut til sidene. Det er der denne olja vart fanga av takbergartar, det er størst sjanse for å finne olje i Barentshavet.

Fakta:

Ifølge Oljedirektoratet er nær halvparten av dei uoppdaga ressursane på norsk sokkel å finne i Barentshavet.

23. konsesjonsrunde ga tilbod om førti blokker i ti nye utvinningstillatingar. Tre av dei var i det nyopna området Barentshavet søraust utanfor Aust-Finnmark.

Kart: 23. konsesjonsrunde - tilbudt areal

 

Goliat vart funnen ved å leite etter kvar olja som hadde vorte pressa ut, kunne ha tatt vegen. Det er gjort fleire oljefunn etter Goliat, blant anna Skrugard og Havis i Johan Castberg-feltet, Wisting, Gohta og Alta. Dette har auka interessa for olje- og gassleiting i Barentshavet.

Russisk interesse

Ifylgje Arild Moe, seniorforskar ved Fridtjof Nansens Institutt, har russarane skote seismikk mot den norske grensa i Barentshavet søraust. Dei har ikkje bora, men er svært optimistiske på å gjere funn i det tidligare omstridde området.

– Det vil gå nokre år før eventuelle funn, men skjer det er det ikkje usannsynlig at dei vil strekkje seg over grenselina, seier Moe.

I så fall trer delelineavtalen sine prinsipp om unitisering (ordninga for samarbeid om utnytting av ein petroleumsførekomst som dekker meir enn ei utvinningstillating, som grensa mellom to land) i kraft.

Russarane har så langt gjort 11 funn i Barentshavet. Det einaste som er i produksjon, er Prirazlomnoe-feltet på grunt vatn (20 meter) i Petsjora-havet sør for Novaja Semlja.

Kritiske røyster

Dei nye leiteområda i Barentshavet søraust ligg ikkje berre lenger aust enn før. Nokre område, som PL 859 (sjå kart), ligg også lenger nord. Det kan komme i konflikt med sårbare og produktive økosystem ved iskanten, og polarfronten der varmt atlantisk vatn møter kaldt arktisk vatn.

Les også: Iskanten – et sårbart sted med mye liv

Både Miljødirektoratet og Norsk Polarinstitutt hadde merknader. Norsk Polarinstitutt viste til forvaltningsplanen for Barentshavet som seier: «I områdene ved iskanten og polarfronten skal det ikke igangsettes petroleumsvirksomhet»

Ill.: Norsk Polarinstitutt, ifbm høyringsuttaling til 23. konsesjonsrunde.

Miljødirektoratet meiner at for dei nordlegaste blokkane kan klimatiske faktorar, i tillegg til liten infrastruktur, gjere ein aksjon mot eit eventuelt oljeutslipp svært vanskeleg. Erfaringane med å avgrense skadane ved oljeutslepp i is, er også mangelfulle.

Fiskeridirektoratet er opptatt av at Barentshavet søraust er viktige fiskeriområde for blant anna torsk, hyse, reker og lodde. Seismikkverksemda har størst negativ effekt på fiskeria. Seismikken legg beslag på store havområde og gjer det vanskelegare å drive fiskeri.

 

Konfliktdempende tjeneste

I prosjektet FiskInfo har BarentsWatch samarbeidet med etatene for å få informasjon tilgjengelig for automatisk og manuell nedlasting til kartplotter. Fra Oljedirektoratet får fiskerne petroleumsbasert informasjon: Undervannsinstallasjoner, og planlagt og pågående seismikkaktivitet. 

Les mer om FiskInfo

 

– Vi har uttalt at det ikkje bør vere seismikkundersøkingar i perioden oktober til og med februar, seier Anne Kjos Veim, seksjonssjef for utviklingsseksjonen i Fiskeridirektoratet.

Ho legg til grunn at retningslinene i konsekvensutredninga for Barentshavet søraust, vert fylgd:

Beskrivelse av fiskeriaktiviten i Barentshavet sørøst.

Antatt leitestart i 2017

Det er satt spesielle vilkår for dei utlyste blokkene i Barentshavet. Blant anna er det ikkje tillat med boring i oljeførande lag i perioden 15. desember – 15. juni, i områda nærare 50 km frå den faktiske/observerte iskanten.

– Statoil borar antakelig den første leitebrønnen i 2017. Frå eit drivverdig funn er gjort, til produksjonen kan starte, tar det vanlegvis mellom 10-15 år, seier Nils Rune Sandstå, geolog og koordinator for 23. konsesjonsrunde hos Oljedirektoratet.